Hopp til innhald
Fagartikkel

Mennesket sitt forhold til naturen

Har mennesket eit spesielt ansvar for å ta vare på naturen? Og korleis blir i tilfelle dette ansvaret grunngitt filosofisk, etisk og religiøst?

Utfordringar vi i dag står overfor

Sjølv om mennesket til alle tider har utnytta naturen sine ressursar for å kunne leve i og av omgivnadene sine, har vi historisk stort sett forvalta naturen på ein berekraftig måte. Men teknologisk utvikling, modernisering og industrialisering har over tid ført til naturøydeleggingar.

Miljøutfordringane i våre dagar er mange: reduksjon i artsmangfald, eit forbruk jorda vår ikkje toler på sikt og global oppvarming som fører til klimaendringar. Medvitet vårt om desse problema har auka gradvis.

Den aller første åtvaringa om menneskeskapt global oppvarming fekk vi i 1896. Då hevda den svenske kjemiprofessoren Svante Arrhenius at CO2 er ein drivhusgass som kan heve gjennomsnittstemperaturen på jorda. Allereie på 1930-talet peikte forskarar på fenomenet, men det skulle likevel ta tid før dette blei allmennkunnskap. Dei fleste meiner no at global oppvarming er eit menneskeskapt problem.

Klimautfordringa er i dag ein av de største etiske utfordringane vi menneske står overfor. Sidan mange klimautfordringar er menneskeskapte, har vi, både som individ og fellesskap, moglegheit til å setje i verk tiltak som motverkar ei ytterlegare negativ utvikling. Men kva kan gjerast? Kva for tiltak kan vi setje i verk? Og er vi motiverte for å gjennomføre dei?

Sjå gjerne rollespelet: Klimatoppmøte i skolen

Det kristne forvaltaransvaret

Det står lite i Bibelen om miljøvern og berekraftig utvikling, sidan dette er omgrep som er knytte til samfunnsdebatten av i dag. Men det er eit grunnsyn i den kristne trua at Gud har skapt verda, med alle skapningane som finst.

”Jorda og det som fyller ho, verda og dei som bur i ho, alt høyrer Herren til.” (Salme 24,1)

Det er også ein grunnleggjande tanke at mennesket skal forvalte dette skaparverket.

”Så tok Herren Gud mannen og sette han i Eden til å dyrke og passe hagen.” (1. Mosebok, kapittel 2.15.)

Ein kristen etikk inneber altså ein respekt for alt liv, for heile skaparverket. Liknande førestillingar kjem til uttrykk i andre religionar med utspring i Midtausten, som jødedom og Islam. Også her har mennesket eit særskilt ansvar for naturen.

Alt liv blir likestilt i buddhismen

I buddhismen er mennesket derimot likestilt med alt levande. Det finst ingen grenser mellom det menneskelege og det ikkje-menneskelege, eller mellom det åndelege og materielle. Verkelegheita blir forstått som eitt heile.

Overfor alt levande bør ein utvikle haldninga: ‘Dette er mor mi, far min, sonen min, dottera mi, ja, dette er meg sjølv. Som eg sjølv ikkje ønskjer å ha det vondt, å lide, slik er det med alle andre levande vesen. (Prajnaparamita-sutra).

Tanken i buddhismen om at alt heng saman med alt, at medvitet ditt, lufta du pustar inn og vatnet du drikk, eksisterer i ein evig syklus og samanheng, gjer at naturen er ein del av våre liv, integrert i oss og rundt oss.

Blant urfolk er naturen heilag

I animistiske religionar blir naturen oppfatta som magisk og heilag. Slike førestellingar finn vi hos urfolk som samar, indianarar, inuittar og maoriar. Mennesket lever tett på naturen og har ansvar for både å verne om det heilage og for å verje seg mot naturen sine magiske krefter ved hjelp av religiøse ritual.

Økosofi

På grunn av fokuset på miljøutfordringane dei siste ti åra dukka økosofien opp. Økosofi er filosofiske tankar der ein meiner økologisk mangfald og likevekt tilhøyrer grunnverdiane hos menneskja. Mennesket er ein del av naturen, og all natur bør behandlast slik at mangfaldet blir respektert og teke vare på.

Omgrepet om naturrett i etikken bør, ifølgje økosofien, gjelde all natur. Det er altså ikkje berre menneske som har medfødde rettar, men alt liv i naturen har rett til å eksistere og utvikle seg. Økosofien stiller derfor krav til oss menneske om å vareta mangfald og likevekt i naturen.