Debattar om naturbruk - Naturbasert næringsaktivitet (NA-NAB vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Debattar om naturbruk

Korleis skal naturen og naturressursane våre bli forvalta? Korleis skal vi produsere maten vi et? Kva slags velferd skal dyr og fisk ha i fangenskap?

Det er mange meiningar i samfunnet knytte til matproduksjon, dyrehald og korleis vi skal forvalte naturen vår. Alle som jobbar i eit naturbruksyrke, må forhalde seg til at det er ulike meiningar i samfunnet om korleis naturbruksnæringane skal drivast.

I emnet delta i samfunnsdebatten finn du artiklar, filmar, oppgåver og aktivitetar knytte til ulike aktuelle problemstillingar rundt natur, matproduksjon og dyrehald.

Desse spørsmåla jobbar vi med i dette emnet:

  • Kva debattar går føre seg i samfunnet om naturbruksnæringane?

  • Bør vi som yrkesutøvarar innan naturbruk delta i desse debattane?

  • På kva måte kan vi delta i slike debattar?

  • Korleis opptrer vi som yrkesutøvarar i debattar som gjeld næringa vår?

I verktøykassa finst fagstoff om kommunikasjon, debatt og dialog (ndla.no) Her er det ressursar som kan vere nyttige i arbeidet med dette emnet.

Skrive av Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2021