Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Debatt: Ulv!

I denne oppgåva skal de organisere ein debatt om ulv i den fiktive bygda Hammerdal. Eit ulvepar har etablert seg i området, og mange innbyggjarar gir uttrykk for at dei kjenner seg utrygge. Gå inn i rolla du blir tildelt, set deg inn i saka, og køyr debatt!
Ein ulv i eit myrlandskap ser nysgjerrig på fotografen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunn

Hammerdal er ein liten kommune der den viktigaste næringsvegen er jord- og skogbruk. Dei fleste gardane driv med husdyr, både kjøtfe og sau. Elgjakta er ei viktig tilleggsnæring. Kommunen er den største arbeidsgivaren i kommunen, men dei fleste innbyggjarane jobbar i nærmaste by, Nordheim. På grunn av nærleiken til Nordheim har Hammerdal sett ei monnaleg tilflytting dei siste åra.

Ein meir kontroversiell tilflyttar er ulven. Det siste året har eit ulvepar etablert seg innanfor kommunegrensene, og rykta skal ha det til at dei fekk eit kull med ungar i vår! Dette skaper store reaksjonar i bygda, både positive og negative. Ordføraren i Hammerdal er bekymra for at stemninga i bygda skal bli dårleg, og tenkjer at det er lurt å finne nokre løysingar før problema blir for store. Ho bestemmer seg for å arrangere eit folkemøte med debatt slik at folk kan kome saman for å diskutere situasjonen som har oppstått.

Førebuingar

Del klassen inn i grupper på 2–5 elevar. Gruppene jobbar i to skuletimar med å finne argument. Etter dette vel kvar gruppe ein representant som skal delta i debatten.

Kvar gruppe får tildelt ei rolle frå lista under og skal finne argument som det er sannsynleg at rollefiguren vil bruke. Her er det viktig å finne saklege og ryddige argument.

Roller i debatten

Kristin (30) – sauebonde

Ein bonde føyser svarte sauer ut av døra på eit fjøs. Foto.

Kristin har nettopp flytta til bygda og har teke over eit småbruk der ho vil drive med sau. Ho budde i Nordheim og jobba som lærar på barneskulen, men ville gjere noko anna enn å undervise. Ho drøymer om å kunne leve av sauehald og grønsaksdyrking.

Finn ut korleis sauehald blir gjort i Noreg, og om det er mogleg å drive med sau i område med ulv.

Åse (16) – hesteeigar

Ei smilande jente står i vindauget på ein stall med ein hest ved sida av seg. Foto.

Åse har hest og rir ofte lange turar. Ein gong ho var på tur, møtte ho ein ulv. Den følgde etter henne og skremde både ho og hesten. Åse er glad i dyr og meiner at ulven bør vere ein del av norsk natur, men ho må innrømme at ho blei skremd av opplevinga. Ho har tre hestar som går på beite om sommaren.

Finn ut om ulv kan vere farleg for menneske og store dyr.

Heidi (43) – ordførar

Portrett av sjølvsikker forretningskvinne som står opp mot ein vegg. Foto.

Heidi er ordførar i kommunen og representerer Folkepartiet. Heidi er nettopp vald til ordførar og vil gjere ein god jobb for innbyggjarane i kommunen. Folkepartiet vil ha streng regulering av ulvebestanden. Likevel er Heidi oppteken av at ho som ordførar skal representere alle i bygda, også når det gjeld synet på ulv.

Finn argument som kan hjelpe Heidi med å fronte meiningane til partiet samtidig som ho framstår som ein samlande ordførar i bygda.

Lars (39) – småbarnsfar

Ein mann står i ein gang i lag med to barn som har sekk på ryggen. Foto.

Lars har to gutar på 6 og 9 år, som går til skulen. Vegen dei går langs, er lite trafikkert og ligg langs ein skog, og Lars er redd for at ulven kan skade eller skremme barna hans. Han har òg ein liten hund av rasen Jack Russell-terrier, som heiter Alfred. Av og til stikk Alfred av, og då må dei ut for å leite: Tenk om vesle Alfred blir teken av ulven!

Finn fakta om ulv og åtferda til ulven. Er han farleg for kjæledyr og barn?

Eirik (27) – medlem i naturvernorganisasjon

Ung mann ligg i hengekøye og les bok. Foto.

Eirik har lenge vore oppteken av natur og bevaring av naturen. Han melde seg inn i ein naturvernorganisasjon for å vere meir aktiv i arbeidet med berekraftig utvikling.

Finn ut korleis naturvernorganisasjonar argumenterer når det gjeld ulv i Noreg.


Halil (17) – skuleelev

Portrett av smilande gut med haustlauv i bakgrunnen. Foto.

Halil har sett mange naturprogram på TV og synest det er spennande med rovdyr. Han har ikkje vore så mykje på tur, men han synest det ser fint ut å vere i marka. Halil meiner det er viktig at vi tek vare på artar som høyrer heime i naturen vår. Om vi ikkje tek vare på rovdyra våre, kan vi ikkje forvente at andre land tek var på rovdyra sine heller.

Finn argument som støttar synspunkta til Halil.

Andre roller

Kom gjerne med andre innspel til roller de tenkjer det kan vere fint å ha med. Pass på at debatten har eit utval av roller som argumenterer for begge sider av saka.

Debatt

  1. Rollespelet startar med at ordstyraren gir ei kort innleiing om bakgrunnen for debatten og korleis debatten skal gå føre seg. Rolla som møteleiar (NDLA)

  2. Kvar representant får 2 minutt på å presentere seg sjølv og sitt syn. Etter det er det lov å kome med spørsmål og motargument.

  3. Om du vil seie noko, rekkjer du opp handa. Ordstyraren skriv ned namna i den rekkjefølgja folk rekte opp handa.

  4. Når det er din tur, kan du stille spørsmål, argumentere og motargumentere.

  5. Om du blir stilt eit spørsmål, kan ordstyraren gi deg ordet sjølv om du ikkje står øvst på talarlista.

Dette må de hugse på i debatten:

  • Ver høflege.
  • La dei andre få presentere argumenta sine utan å bli avbrotne.
  • Ikkje bruk hersketeknikkar som å himle med auga, latterleggjere folk, snakke nedlatande, vere usakleg eller kome med personangrep.
  • Hugs at dette er eit rollespel, og at dette ikkje nødvendigvis er dei synspunkta medelevane har på ekte.

Etter debatten

Diskuter i klassen:

  • Kva synest de om debatten?
  • Kva lærte de?
  • Forandra du personleg synspunkt?
  • Korleis var det eventuelt å argumentere for eit anna synspunkt enn du eigentleg har?
  • Debatten om ulv har gått i mange år. Kvifor er det så vanskeleg å bli einige om løysingar i denne saka, trur de?

CC BY-SASkrive av Åse-Torill Knarlag og Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 02.03.2021

Læringsressursar

Delta i samfunnsdebatten!