Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skriv meininga di!

Skriv eit debattinnlegg der du argumenterer for standpunktet ditt.
Hand held ein kulepenn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

Du har engasjert deg i ei sak som gjeld den naturbruksnæringa du kjenner best, og no bestemmer du deg for å skrive eit lesarinnlegg. Saka kan til dømes handle om matproduksjon, dyrehald, rovdyr eller berekraftig bruk av natur. Ta gjerne ein runde i klassen først der de hjelper kvarandre med å finne aktuelle saker og problemstillingar knytte til det naturbruksyrket de lærer mest om på skulen.

Rolleforståing

Rolla du har når du skriv innlegget, er at du representerer næringa som ein profesjonell yrkesutøvar. Kva krav og forventingar blir det då stilt til måten du skriv på? Diskuter spørsmålet i klassen.

Framgangsmåte

For å kunne skrive ein god tekst er det viktig å nytte tid på å få fram så mange argument og så mykje kunnskap om temaet som mogleg. Følg desse fire stega:

Del 1

  1. Start med tre minutt tenkjeskriving der du skriv alt du kan kome på om temaet du har valt. Tenkjeskriving blir helst gjort på papir, men om du har grunnar til å nytte PC, går det òg greitt.

    • Skriv ned alle tankar som kjem undervegs.
    • Det er ikkje lov å gå tilbake og rette på noko eller lese noko du skriv undervegs.
    • Blyanten må vere i rørsle i dei tre minutta.
    • Veit du ikkje kva du skal skrive, skriv du tilfeldige ord heilt til andre tankar om temaet melder seg.
  2. Etter at dei tre minutta har gått, kan du dele det du har skrive, med sidemannen.

Del 2

Kva meiner andre? Spør andre menneske i ulike aldersgrupper om kva dei meiner om saka.

  • Send ei melding til ein du ser opp til, og spør om deira meining.
  • Diskuter saka rundt middagsbordet heime.
  • Søk etter emnet på sosiale medium som du nyttar, og sjå kva folk har sagt om saka der.

Del 3

Sett saka på spissen, då får du kanskje auge på noko nytt? Diskuter temaet du har valt, i klassen.

Del 4

Skriv eit debattinnlegg der du tek standpunkt i saka.

  1. Planlegg innlegget ditt. Først kan du gjerne lese denne fagartikkelen om korleis du kan byggje opp teksten: Enkel grunnoppskrift på debattinnlegg (ndla.no).
  2. Start med hovuddelen. Skriv ned ei liste over argument som støttar standpunktet ditt.
  3. Skriv eitt avsnitt for kvart argument. Bruk argument og idéar som du har samla, til å grunngi og forklare argumentet i avsnittet.
  4. Skriv ei innleiing og ei avslutning til teksten. Sjekk grunnoppskrifta for korleis det skal gjerast.
  5. I par: Les innleiinga og avslutninga til kvarandre og gi tilbakemeldingar.
  6. Skriv ferdig teksten din etter at du har fått tilbakemeldingar.
  7. Hugs å oppgi kjelder!

Skrivetips!

Viss du jobbar i Word, er det smart å markere kvart ord i lista over argumenta dine som "Overskrift 2" i menyen øvst.

Så går du til "Visning" øvst på menyen og vel "Navigasjonsrute". Då vil du få ei liste over argumenta til venstre for teksten.

Dette gir deg god oversikt når du byrjar å skrive, og du kan lett bevege deg mellom punkta.

Gode råd

Du har skrive eit godt debattinnlegg når teksten

  • overtyder mottakaren ved hjelp av relevante og haldbare argument
  • nyttar språk og verkemiddel som understrekar argumenta
  • har ei innleiing som presenterer saka og viser standpunktet ditt
  • er delt inn i avsnitt, med eitt avsnitt for kvart argument
  • har ei avslutning som oppsummerer og konkluderer

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Caroline Nesbø Baker og Ragnhild Kjeldsen.
Sist fagleg oppdatert 21.09.2021

Læringsressursar

Delta i samfunnsdebatten!