Hopp til innhald

Fagstoff

Interessekonfliktar

Ein interessekonflikt kan oppstå når vi har ulike meiningar om korleis vi skal bruke ein ressurs eller eit område. Det kan vere vanskeleg å få partane til å bli einige, og det blir ofte høg temperatur i slike konfliktar.
Ungdommar med plakatar sit i ei bygate framfor ein lavvo. Nokon av ungdommane har på seg samedrakt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein interessekonflikt?

Ein interessekonflikt oppstår når partar har ulike ønske eller interesser. I mange tilfelle er det ein part som ikkje kan få ønska sine oppfylt fullt ut, og som dermed endar opp som "tapar" i konflikten. Kanskje det er derfor det blir så høg temperatur i mange slike saker?

Arealkonfliktar

Ofte oppstår det konfliktar når vi skal bestemme kva vi skal bruke område til. Dette gjeld gjerne område som fleire bruker, eller som fleire har andre interesser knytte til. Då oppstår det ein type interessekonfliktar som blir kalla arealkonfliktar. Skal vi til dømes:

  • bygge vindmøller eller verne eit urørt naturområde

  • ta vare på dyrka marka eller bygge ein ny veg

  • bruke utmarka til sauebeite eller som leveområde for ulv

  • bygge hytter i strandsona eller sørge for at alle får tilgang til sjøen

Globale interessekonfliktar

Nokre interessekonfliktar går på tvers av landegrenser. Utslepp av klimagassar er ein slik konflikt. Vi kallar slike konfliktar globale interessekonfliktar. For å kunne løyse slike konfliktar må landa som er partar i konflikten, samarbeide på tvers av lover og reglar i dei enkelte landa. Då er det nødvendig med internasjonale avtalar som seier noko om kva dei ulike partane har forplikta seg til. Parisavtalen er ein slik avtale. Gjennom denne har nesten alle landa i verda blitt einige om å kutte utslepp av klimagassar.

Tenk igjennom!

  • Kjenner de til nokre interessekonfliktar der de bur? Kvifor har dette blitt til konfliktar?

  • Klimakrisen er ei global krise. Kvifor kan vi seie at ho òg er ein interessekonflikt?

Når eigeninteresse kan påverkar avgjerda

Ein annan bruk av orda "interessekonflikt" er når ein person eller aktør har ulike roller som har motstridande interesser. Ein politikar som skal avgjere om kommunen skal tillate utbygging av ein veg, og som òg er grunneigar i det området der vegen skal gå, står i ein interessekonflikt.

Viss hen er sterkt imot vegbygginga fordi det påverkar hen som grunneigar, kan det hende vedkommande ikkje tek riktig avgjerd på vegner av innbyggarane i kommunen. Politikaren har ei eigeninteresse i korleis saka blir avgjort, og bør derfor ikkje vere med å ta denne avgjerda.

Kven er partane i konflikten?

Nokre interessekonfliktar er lette å få auge på fordi dei skaper sterke reaksjonar hos partane, slik som i debatten mellom sau på beite og kor stor ulvebestand vi skal ha, der temperaturen ofte er veldig høg.

Mann som sagar ned epletre mens barn plukkar eple. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vi må likevel ikkje gløyme dei sakene der det ikkje blir ropt så høgt, og der ein av partane ikkje har ei tydeleg stemme. Den stille parten kan vere dyr og plantar, små barn og kommande generasjonar. Det er heller ikkje sikkert at situasjonen blir oppfatta som ein interessekonflikt der og då. Det kan vere fordi vi ikkje er klar over korleis vi blir påverka av det nokon andre gjer.

Gi alle partar ei stemme

Det er oppgåva til politikarane å ta avgjerder der fleire sider av ei sak blir vegne opp mot kvarandre. Lovverket kan til ei viss grad tale saka for dei utan ei stemme. Det kan til dømes vere når det står mellom økonomiske interesser på den eine sida og ein trua planteart på den andre sida.

Når konsekvensane av vala ikkje kjem i levetida vår, viser det seg at det er lett å gå for ei løysing som gir kortsiktig økonomisk gevinst. Prisen er det kanskje nokre andre som må betale?

Sommarfugl med blå overside og svartprikka underside. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Kjelder

FN-Sambandet. (2022, 20. desember). Parisavtalen. https://www.fn.no/om-fn/avtaler/miljoe-og-klima/parisavtalen

Interessekonflikt. (2023, 20. februar). I Wikipedia https://no.wikipedia.org/wiki/interessekonflikt

Interessekonflikt. (u.å.). I Det norske akademis ordbok. Henta 27. februar 2023 frå https://naob.no/ordbok/interessekonflikt

Tjernshaugen, A. (2022, 9. juni). Konflikt. I Store norske leksikon. http://snl.no/konflikt

CC BY-SASkrive av Thomas Bedin.
Sist fagleg oppdatert 01.03.2023

Læringsressursar

Delta i samfunnsdebatten!