Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Å setje pris på naturen

Ein ting er å setje pris på naturen, ein annan er å setje ein prislapp på han. Kva meiner du reint vatn er verdt? Kva ville du betalt for ein tur i skogen?
To ungdommar med ryggsekk på tur i skogen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

  1. Diskuter med ein medelev: Kan ein setje ein pris på verdien naturen har, i kroner og øre?
  2. Korleis ville de i tilfelle gått fram for å bestemme prisen på eit tre, ein innsjø eller eit fjell?

Oppgåve 2

Lytt til utdraget frå radioprogrammet Verdibørsen der professor og miljøøkonom Ståle Navrud snakkar om korleis ein kan sjå på verdiar i naturen ut frå eit økonomisk perspektiv.

  1. Kva for argument blir brukte til å grunngi at det kan vere nødvendig å sette ein “prislapp” på naturen?
  2. Kva for motargument kan det vere?
CC BY-SASkrive av Heidi Mobekk Solbakken.
Sist fagleg oppdatert 21.01.2022

Læringsressursar

Delta i samfunnsdebatten!