Hopp til innhald

Fagstoff

Saum og tekstilhandverk

Tekstilhandverk er eit skapande fag med lange tradisjonar. Dersom du vel å ta saum og tekstilhandverk i Vg2, kan du velje mellom elleve forskjellige lærefag etterpå. Tekstilhandverk er alt frå strikking og kjole- og draktsying, til å lage sko og hesteutstyr.

Utdanning

Etter Handverk, design og produktutvikling Vg1 kan du ta utdanning i Saum og tekstilhandverk Vg2. Deretter kan du spesialisere deg i eitt av dei elleve lærefaga. Alternativt kan du ta påbygging til generell studiekompetanse i eit tredje studieår.

Dei elleve faga du kan velje å spesialisere deg innanfor, er:

  • Bilsalmakarfaget: Ein bilsalmakar produserer og reparerer interiør og eksteriør til framkomstmiddel.

  • Bunadstilverkarfaget: Bunadstilverkaren lagar, reparerer og restaurerer forskjellige bunadsdelar og heile drakter.

  • Buntmakarfaget: Buntmakaren lagar, reparerer og sel pelskåper, jakker, luer og andre produkt av pels og skinn.
  • Herreskreddarfaget: Herreskreddarar designar og syr herreklede og tilpassar klede til kundane.
  • Handvevarfaget: Handvevaren designar, produserer og sel tekstilar til klede og interiør.
  • Kjole- og draktsyarfaget: Kjole- og draktsyaren lagar alle typar dameklede etter mål.
  • Kostymesyarfaget: Kostymesyaren saumar kostyme til bruk i teater, opera, film og tv. Kostyma skal passe til handlinga og scena der kostyma skal brukast.
  • Modistfaget: Modisten lagar alle typar hovudplagg.
  • Salmakarfaget: Salmakaren arbeider med bilinteriør, hesteutstyr og vesker og lommebøker av lêr og skinn.
  • Skomakarfaget: Skomakaren reparerer og held ved like alle typar fottøy.
  • Strikkefaget: Strikkehandverkaren planlegg, gjennomfører og vurderer strikkearbeid.

Hender styrer to tekstilar gjennom ei symaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Felles for dei ulike tekstilfaga

Opplæringa i tekstilfaga skal gi deg kompetanse og handverksferdigheiter. Du får vere skapande og kreativ. Samtidig lærer du tekstile teknikkar og praktisk problemløysing. Forståing for korleis mønster, materialar form og funksjon heng saman, blir ein viktig del av dette.

Handverkstradisjonar er ein del av kulturarven vår. Du skal lære å bruke tradisjonelle og kreative metodar. Dette kan du vidareutvikle til å skape eigne uttrykk. Då får du erfaring både med tradisjonshandverk og framtidsretta design.

Hender broderer bunadsmønster. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det er viktig å forstå korleis marknaden, motar, trendar og produksjon påverkar kvarandre. Du skal få innblikk i korleis ei bedrift fungerer. Her er god kommunikasjon med kundar og samarbeidspartnarar viktig. Du får lære om kundebehandling, sal, økonomi og marknadsføring. Bruk av digitale verktøy og korleis du kan visualisere og presentere arbeidet ditt, er ein del av opplæringa.

Sneakers i rutete stoff og semska skinn er stilt ut saman med skomakarlestar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Svein Sandnes og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 19.01.2023

Læringsressursar

Saum og tekstilhandverk