Strikkehandverkar
Strikkefaget gir eit godt grunnlag for design og produksjon av klede og tilbehøyr i motebiletet i dag og til tradisjonelle drakter og bunader.
Som strikkehandverkar må du ha eit godt handlag og kunne bruke ulike typar verktøy, tekstilfibrar, maskiner og teknikkar. Du bør ha god form- og fargesans, følgje med på trendar og motar og ha eit medvite forhold til historie og tradisjonar i strikkefaget.
Utdanninga for å bli strikkehandverkar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i strikkefaget kan du ta sveinebrev.
Relatert innhald
Følg designprosessen til to strikkeplagg. Liv Inger Espedal viser korleis eit foto av Operaen i Oslo vart utgangspunkt for å designe ein strikkegenser.