Buntmakar
Buntmakaren skjer til og saumar, forandrar og reparerer klesplagg av pelsverk. Vanlege arbeidsoppgåver for ein buntmakar er å sortere og klargjere skinnet, kutte og saume plagget etter mønster, reparere, forandre, halde ved like og reinse skinnplagga. Ein buntmakar må kunne rettleie kundar i val av skinn.
Som buntmakar må du vere kreativ og ha formsans. Du må like å omgåast menneske og vere interessert i design og mote. Du bør ikkje ha allergi mot dyr. Ein buntmakar må ha nøyaktigheit og presisjon i faget. Gode teikneferdigheiter og saumkunnskap er ein føresetnad.
Utdanninga for å bli buntmakar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i buntmakarfaget kan du ta sveinebrev.
Relatert innhald
Tekstilhandverk er eit skapande og fremtidsretta fag. Etter saum og tekstilhandverk i Vg2, kan du velje mellom elleve forskjellige lærefag.