Skomakar
Skomakarar jobbar både med nyproduksjon og med reparasjon og tilpassing av sko. Dei kan jobbe på skomakarverkstad, på ortopediske verkstader eller i skoindustrien.
Som skomakar må du meistre tradisjonelle og nye saum- og formingsteknikkar. I arbeidet bruker du både handverktøy og maskiner til å slipe, frese, pusse og sy med. Kunnskapar om skinn og lêr, lim og kjemikaliar er nødvendig.
Som skomakar bør du ha godt handlag og evna til å sjå praktiske løysingar. Du må ha god formsans og forståing for anatomien til foten. I møte med kundar bør du vere serviceinnstilt og ha gode kommunikasjonsevner.
Utdanninga for å bli skomakar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i skomakarfaget kan du ta sveinebrev.