Salmakar
Ein salmakar tilpassar og produserer hesteutstyr både til tradisjonell og moderne bruk. Vedlikehald og restaurering av eldre salmakararbeid, som eldre seletøy og salar, er òg ein del av arbeidsoppgåvene.
Salmakaren må sjå samanhengen mellom materialval og produksjon og meistre saum- og formingsteknikkar. I dette arbeidet treng hen forståing for anatomien og rørsla til ryttaren og hesten.
Som salmakar bør du vere praktisk anlagt og opparbeide deg styrke i hendene. Du bør ha formsans, vere kreativ og kunne jobbe med nye idéar og produkt, og dessutan ha eit medvite forhold til kvalitet og trendar.
Utdanninga for å bli salmakar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære hos ein hestesalmakar kan du ta sveinebrev.