Tradisjonshandverk
Handverksevner og innovasjon er ettertrakta kompetanse. Ein handverkar som kan tradisjonen og kjenner styrken til dei ulike teknikkane og materiala, har òg eit godt utgangspunkt for nyskaping. Vg 1 handverk, design og produktutvikling (HDP) gir deg moglegheiter til å velje mellom 41 unike yrke. Alle er handverk som har lange tradisjonar.
Det å lære eit handverk er avhengig av verkstad, verktøy og materiale å jobbe med. Du får opplæring gjennom å utføre handverket. Det er ei motsetning til mange andre fag som kan lærast gjennom bøker.
Det blir kravd tid og erfaring saman med ein meister i verkstaden for å bli ein god handverkar. Ein lærling kan spørje læremeisteren sin: "Kor mykje skal eg bruke her?" I staden for ei oppskrift med tal kan svaret vere: "Kjenn her, når det er så hardt, då er det nok."
Handverkarane i alle HDP-faga forvaltar og bringar vidare immateriell tradisjonskunnskap.
Materiell kulturarv er gjenstandar og bygningar som fortel noko om kulturarven vår. Urnes stavkyrkje er eitt av mange døme på dette. Men korleis kan vi verne ei stavkyrkje viss ingen kan reparere skadar med same teknikk? Det kan til dømes bli nødvendig å lage treskjeringar på same måte som dei opphavlege.
Immateriell betyr ikkje-materiell. Kunnskap, tradisjonar og måtar å gjere noko på er like viktig for kulturarven vår. Den immaterielle kulturarven vart styrkt med Unesco-konvensjonen i 2003. Den seier at det er viktig å sikre at kunnskapen om tradisjonelle handverk blir bevarte og brukt vidare.
Berekraft i handverkstradisjonar gir seg sjølv, då mange av faga bruker lokale råvarer og fornybare ressursar. Dei aller fleste gjenbruker materiale, og tradisjonshandverkarar kan skape solide produkt som lever lenger enn dei sjølve. Ved å lage, reparere og skape nye handverksprodukt som held høg kvalitet, kan du vere med å bidra til ei berekraftig utvikling.
Relatert innhald
Nettside hos handverksinstituttet.no
Unesco (u.å.). Traditional craftsmanship. Henta 17.mars 2021 frå https://ich.unesco.org/en/traditional-craftsmanship-00057