Herreskreddar
Herreskreddarfaget handlar om å framstille og utvikle tekstile handverksprodukt. Du jobbar praktisk med bruk av materiale, verktøy, maskiner og handverksteknikkar.
Herreskreddarar kan arbeide i klesforretningar, systover eller arbeide med kostyme i opera- og teaterverksemder. Med eigen verkstad kan dei jobbe allsidig og ta ulike saumoppdrag.
I arbeidet med klede må du ha eit medvite forhold til form og fargar. Du må ha godt handlag og kunne bruke tekstile handverksteknikkar. I møte med kundar bør du vere serviceinnstilt og ha gode kommunikasjonsevner.
Utdanninga for å bli herreskreddar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i herreskreddarfaget kan du ta sveinebrev.