Hopp til innhald
Fagartikkel

Salmakar

Salmakaren jobbar med produksjon, reparasjon og vedlikehald av seletøy, ridesalar og andre liknande produkt i skinn og lêr, hovudsakleg til hest.

Ein salmakar tilpassar og produserer hesteutstyr både til tradisjonell og moderne bruk. Vedlikehald og restaurering av eldre salmakararbeid, som eldre seletøy og salar, er òg ein del av arbeidsoppgåvene.

Eigenskapar

Salmakaren må sjå samanhengen mellom materialval og produksjon og meistre saum- og formingsteknikkar. I dette arbeidet treng hen forståing for anatomien og rørsla til ryttaren og hesten.

Som salmakar bør du vere praktisk anlagt og opparbeide deg styrke i hendene. Du bør ha formsans, vere kreativ og kunne jobbe med nye idéar og produkt, og dessutan ha eit medvite forhold til kvalitet og trendar.

Utdanning

Utdanninga for å bli salmakar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære hos ein hestesalmakar kan du ta sveinebrev.

Ein salmakar fortel om arbeidet sitt. Video / CC BY-SA 4.0