Fagartikkel
Handvevar
Ein handvevar vev tekstil til bunader, klede, dukar, utsmykkingar og dekorasjonar. Produkta er både tradisjonsbaserte og nyskapande og blir vovne på ein manuell vevstol.
God design og veving av spesielle stoff som det ofte er vanskeleg eller ulønsamt å produsere for industriverksemder, er oppgåver for handvevaren. Det kan vere kyrkjetekstilar, tekstilar til heimen, utsmykkingstekstilar, metervarer til designklede og bunader.
Eigenskapar
Du må ha god materialkunnskap og kjennskap til ulike veveteknikker, og kunne analysere og rekonstruere originalstoff. I tillegg bør du følgje trendar innan mote og interiør, ha god farge- og formsans og vere nøyaktig og kreativ.
Utdanninga for å bli handvevar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i handvevarfaget kan du ta sveinebrev.