Bunadtilverkar
Som bunadstilverkar bruker du ulike saum- og broderiteknikkar, og dessutan ulike band, vev- og trådteknikkar. Du kan arbeide med tradisjonsbundne bunader og folkedrakter, rekonstruere frå folkedrakttradisjonen og utvikle nye modellar.
Som bunadtilverkar må du ha kunnskap om drakthistorie og ulike materiale som blir brukte i dei ulike bunadstradisjonane. Du må vere nøyaktig og god i handsaum, og du må kunne kommunisere godt med kundar og oppdragsgivarar.
Utdanninga for å bli bunadstilverkar er to år i vidaregåande skule og to år i lære i bedrift. Det første året tek du Vg1 handverk, design og produktutvikling. Det andre året vel du Vg2 saum og tekstilhandverk. Etter to år i lære i bunadtilverkarfaget kan du ta sveinebrev.
Relatert innhald
Tekstilhandverk er eit skapande og fremtidsretta fag. Etter saum og tekstilhandverk i Vg2, kan du velje mellom elleve forskjellige lærefag.