Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Blomstersmykke

Blomstersmykke er eit blomsterarbeid som oftast blir bore på kroppen. Beskriv ein kunde som vil ha eit blomstersmykke til eit spesielt høve. Vel ei av stilformene og finn ut kva som kjenneteiknar denne. La deg inspirere og lag eit blomstersmykke som passar til kunden din.
Fire bilder av ulike blomstersmykker i en kollasj. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Blomstersmykke

Blomstersmykke er eit blomsterarbeid som oftast blir bore på kroppen. Det kan vere festa i håret, på handleddet, rundt halsen eller på skuldra. Blomstersmykke kan festast på klesdrakt, som eit kjolesmykke eller knapphòlsblomster, eller på ei gåve. Blomstersmykke kan brukast ved fleire høve, til dømes i bryllaup, ball, show, styling eller messer. Det kan lagast stort eller lite, og med mange ulike teknikkar.

Den vanlegaste teknikken er stifteteknikk. Du kan òg bruke alternative teknikkar ved å binde, ranke, vikle eller lime.

Del 1: Kunde og høve

Beskriv ein kunde og eit høve kunden skal bruke blomstersmykket i. Finn ut om det skal festast i håret, på kleda, rundt handleddet eller liknande.

Ei dame har eit blomstersmykke på armen, og ein mann har eit blomstersmykke på dresskragen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Stilform

Vel ei av stilformene:

Finn ut kva som er typisk for stilforma du vel. Lag skisser til eit blomstersmykke som bruker kjenneteikn på denne stilforma.
Prøv ut ulike blomsterdesign, før du vel ut eit som du vil jobbe vidare med.

Del 3: Farge- og materialval

Lag ein fargepalett som passar til høvet og kunden. Finn blomstrar og materiale som har dei kulørane og valørane du ønskjer å bruke. Tenk på fargedominans og kontrastbruk og teikn fargeskisser.

Del 4: Utføring

Vel eigna verktøy og teknikkar, og lag blomstersmykket.

Fem ulike blomstersmykke som kan plasserast i knapphòl. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 5: Dokumentasjon

Ta mange bilde undervegs i prosessen. Plasser det ferdige blomstersmykket på ein modell, slik at du får vist korleis det skal brukast. Tenk på komposisjon og lyssetjing når du tek bilete av produktet ditt.

Del 6: Presentasjon

Bli samd med læraren din korleis du skal presentere prosessen og produktet ditt. Forslag til innhald i presentasjonen:

  • Forklar korleis du har designa blomstersmykket ut frå kunden og samanhengen det skal brukast i.
  • Kva er typisk for stilforma du har valt? Kan vi kjenne igjen stilforma i produktet ditt?
  • Grunngi farge- og materialvalet ditt.
  • Forklar kort korleis du har laga blomstersmykket. Kva verktøy og teknikkar valde du, og korleis har du brukt desse?
  • Vurder prosessen din og det ferdige produktet.

Relatert innhald

Vi kan dele blomsterarbeid inn i fem ulike stilformer med ulike kjenneteikn. Felles for alle stilformene er at komposisjonen følgjer designprinsippa.

Lær å lage knappholsblomster, òg kalla corsage, steg for steg med stifte- og teipeteknikk.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Hanne Merethe R. Staurland.
Sist fagleg oppdatert 05.03.2020

Læringsressursar

Stilformer