Hopp til innhald

Fagstoff

Transparent stilform

Transparent betyr gjennomskinleg eller gjennomsiktig. 
Eit transparent blomsterarbeid er leikent, uroleg, flytande og har ofte dominans i linjer. Inspirasjonen er henta frå den postmoderne tidsepoken.
Nærbilete av blomsterdekorasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjenneteikn på transparent stilform:

  • Den ytre forma er open og svakt avgrensa. Forma er gjerne organisk.
  • Linjer og urolege materiale dominerer.
  • Mykje volum blir skapt ved å bruke luft mellom materiala.
  • Rytmen er ujamn.
  • Forma er asymmetrisk.
Blomsterdekorasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stilhistorisk utgangspunkt

Transparent stil har utvikla seg frå postmodernismen.

Blomsterdekorasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Postmodernismen oppstod som ein reaksjon på modernismen i 1970-1980-åra. No skulle ein bort frå det enkle og eksperimentere med nye uttrykk.

CC BY-SASkrive av Lise Fridholm og Susanne A. Flatheim.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2020

Læringsressursar

Stilformer