Hopp til innhald

Fagstoff

Klassisk stilform

Eit klassisk blomsterarbeid har eit reint uttrykk med få blomstersortar og ein dominerande farge. Blomstrane står tett, gjerne hovud mot hovud. Den ytre forma er lukka, klar og avgrensa. Du kan få harmoni ved å bruke symmetri og regelmessig rytme. Tidlegare vart klassisk stilform kalla formarbeid.

Kjenneteikn på eit klassisk blomsterarbeid

  • lukka, klar og avgrensa ytre form
  • mange blomstrar i forhold til storleiken på arbeidet
  • blomstrar som står tett, gjerne hovud mot hovud
  • klar fargedominans og få plantesortar for å skape eit klassisk uttrykk
  • symmetri
  • jamn rytme
  • harmoni framfor spenning
Firkanta blomsterdekorasjonar i kvitt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stilhistorisk utgangspunkt

Klassisk stilform hentar inspirasjon frå antikken, renessansen, klassisismen, empire og biedermeier. 

Krans dekorert av blad. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Det er særleg to ting ettertida har arva etter den greske stilhistoria: tre typar søyler og den antikke skulpturkunsten.

Romersk ingeniørkunst, interiør, kles- og hårmote i perioden frå 300 før vår tidsrekning til år 400.

CC BY-SASkrive av Lise Fridholm og Susanne A. Flatheim.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2020

Læringsressursar

Stilformer