Hopp til innhald

Fagstoff

Vegetativ stilform

Den vegetative stilforma har naturen som førebilete. Uttrykket skal vere levande og naturleg, gjerne asymmetrisk og med ein uregelmessig rytme. Vekstforma eller det opphavlege miljøet til planten er viktig å få fram i eit vegetativt arbeid. 

Kjenneteikn på vegetativ stil

Blomsterdekorasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • naturen som førebilete
  • levande og naturleg
  • asymmetri og uregelmessig rytme
  • materiale frå same vekstvilkår/miljø
  • blanding av grupperingsteknikkar
  • Alle delar av planten er like viktig: frå knopp til utsprungen blomster.

Stilhistorisk utgangspunkt

Vegetativ stilform er inspirert av art nouveau, òg kalla jugendstil, og hippierørsla.

Fem små bukettar i glasvaser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Art nouveau, også kalla jugendstil, er ein dekorativ kunst som brukte naturen som inspirasjon. Den nyskapande stilretninga varte frå ca. 1890 til 1914.

Lat deg inspirere av art nouveau og lag ein vegetativ krans. Uttrykket skal vere levande og naturleg, gjerne asymmetrisk og med ein uregelmessig rytme.

CC BY-SASkrive av Lise Fridholm og Susanne A. Flatheim.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2020

Læringsressursar

Stilformer