Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein tett klassisk dekorasjon eller bukett

Eit klassisk blomsterarbeid har eit reint uttrykk med få fargar og blomstersortar. Lag ein tett klassisk dekorasjon eller bukett med berre éin blomstersort. Legg til slutt til ein kontrast med eit anna material eller ein annan type blomstrar.

Klassisk dekorasjon eller bukett

  1. Lag ein tett klassisk dekorasjon eller bukett med berre éin blomstersort.
  2. Prøv å få forma så geometrisk som mogleg.
  3. Legg til eit lite punkt, ei linje eller ein kant som avslutning, med eit anna material eller ein annan type blomstrar.
Runde blomsterdekorasjonar lagde av roser. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjenneteikn på eit klassisk blomsterarbeid

  • lukka, klar og avgrensa ytre form
  • klar fargedominans og få plantesortar
  • mange blomstrar i forhold til storleiken på arbeidet
  • blomstrar som står tett, gjerne hovud mot hovud
  • symmetri
  • jamn rytme
  • harmoni framfor spenning

Relatert innhald

Eit klassisk blomsterarbeid har eit reint uttrykk med få fargar og blomstersortar. Den ytre forma er lukka, klar og avgrensa.

CC BY-SASkrive av Lise Fridholm og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2020

Læringsressursar

Stilformer