Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein dekorasjon i dekorativ stil

Ein dekorasjon er eit produkt der blomster, grønt og annan pynt er stukne ned i ein fast stikkmasse. Lat deg inspirere av dekorativ stil og lag ein dekorasjon. Du kan bruke rikeleg med blomstrar og kombinere ulike sortar, men vel ein farge som dominerer. Forma skal vere klar og avgrensa.

Del 1: Lag ein dekorasjon i dekorativ stil

  1. Vel ein kunde og eit høve som dekorasjonen skal brukast i.
  2. Set deg inn i kjenneteikn på dekorativt blomsterarbeid.
  3. Lag skisser til ulike design på dekorasjonen. Eksperimenter med komposisjon og ulik fargedominans.
  4. Finn passande materiale og lag dekorasjonen.
Blomsterdekorasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjenneteikn på eit dekorativt blomsterarbeid

  • frodigheit og volum
  • klar og avgrensa ytre form
  • djupneforskjellar i arbeidet
  • ofte mange blomstrar og kombinasjon av ulike sortar
  • likskapar i farge, form eller overflate
  • ofte klar dominans av former eller farge
  • noko bruk av kontrastar i form, linjer, overflater og fargar
  • både symmetrisk og usymmetrisk blomsterarbeid mogleg
Blomsterdekorasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Presentasjon

  1. Ta eit fint bilete av dekorasjonen og tenk gjennom val av bakgrunnen for fotoet.
  2. Skriv eit refleksjonsnotat der du vurderer korleis du har brukt den dekorative stilen i dekorasjonen din.

Relatert innhald

Produktfotografering handlar om fotografering av forskjellige gjenstandar. Jobben til fotografen er å vise fram produktet på ein tydeleg og naturtru måte.

Dekorativ stil er antakeleg den stilforma som blir mest brukt. Stilen er frodig. Du kan bruke rikeleg med blomstrar og kombinere ulike sortar.

CC BY-SASkrive av Lise Fridholm og Inger GIlje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 19.03.2020

Læringsressursar

Stilformer