- Om faget – for læraren
Faget kommunikasjon, kunde og arbeidsliv er utvikla i tråd med Kunnskapsløftet 2020. Her finn du ei oversikt over korleis faginnhaldet er bygd opp.
- Yrke innan frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign
Vg1 frisør, blomar, interiør og eksponeringsdesign kan leie til seks yrke: profileringsdesignar, maskør og parykkmakar og dei fire yrka i tittelen.
- Frisør
Ein frisør klipper og stylar hår. Du må like å arbeide med menneske og halde deg oppdatert på motar og ulike behandlingar og teknikkar.
- Blomsterdekor
Blomsterdekorasjon handlar om å skape estetiske produkt av planter. Du får jobbe praktisk med prosessen frå idé til ferdig produkt, oftast på bestilling.
- Interiør
Ein interiørkonsulent innreier rom ved å kombinere materialar, fargar, lys og møblering til ein heilskapleg løysing, med utgangspunkt i behovet til kunden.
- Eksponeringsdesign
Eksponeringsdesign handlar om korleis du kan presentere produkt og tenester på best mogleg måte, t. d. på stands, messer eller i eit butikklokale.
- Profileringsdesign
Ein profileringsdesignar jobbar med marknadskommunikasjon. Grafisk design og lyssetjing er viktig når du skal profilere bedrifter og produkta deira.
- Visualisering
Visuelt har å gjere med det å sjå. Når du skal utvikle ein idé slik at han kan produserast, må du kunne vise han fram til andre.
- Kommunikasjon
Kommunikasjon er kontakt og utveksling av informasjon. I yrkesfag er vi avhengige av å ha god kommunikasjon med medarbeidarar og kundar eller brukarar.
- Kultur og kunde
Å respektere eigen og andre sin kultur er grunnleggjande i møte med andre. Det er viktig å forstå kva kunden har behov for, og at de kan ha ulik bakgrunn.
- Dokumentasjon og presentasjon
Vi bør kvalitetssikre eit produkt mens vi jobbar. Du skal lære å dokumentere ein prosess frå idé til ferdig produkt og å presentere dette.
- Berekraftig utvikling
Vi må vere bevisste på bruk av materialar og kjemikaliar for å få ein berekraftig produksjon. Ressursane naturen gir oss, må forvaltast på ein god måte.
- Helse, miljø og sikkerheit (HMS)
Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er viktig for alle bedrifter. Vi skal jobbe på ein sikker måte, og gjere det vi kan for å førebygge uheldige konsekvensar.
- Arbeidsliv
Kva skal til for å vere ein profesjonell yrkesutøvar, og korleis samarbeider partane i arbeidslivet for å utvikle eit betre arbeidsliv?
- Prisberekning
Prisen på eit produkt eller ei teneste må dekkje utgifter og gi forteneste. I dette emnet lærer du å berekne pris og vurdere lønsemd i ei bestilling.
- Å starte eiga bedrift
Tips og råd til deg som har lyst til å starte di eiga bedrift.
- Universell utforming
Kva betyr funksjonsnedsetjing og universell utforming, og korleis legg vi til rette for universell utforming i medieproduksjonar?