Ansiktsform og frisyre

Ansiktsformer og klipp
Det er ikkje utan grunn at mange menneske vel same fasong på håret sitt gong på gong, eller at mange endrar hårfasong med alderen. Ein frisyre kan få oss til å sjå både yngre og eldre ut. Han kan få oss til å stråle eller forsvinne, avhengig av om forma er riktig. Du bør vurdere ansiktsforma til kunden før du gir råd om passande frisyrar.
Det finst mange ulike ansiktsformer, og vi seier at idealforma er oval. Du kan faktisk klippe ein frisyre slik at du formar ansiktet til ein oval ved hjelp av linjene i klippen. Det same gjeld styling. Set du opp håret, må du skape balanse mellom ansiktsform og profil.
Ulike ansiktsformer
Relatert innhald
Ofte ønskjer kundar å få rettleiing på kva for frisyrar han eller ho kan ha. For å kunne svare på det må du kjenne til dei ulike ansiktsfasongane.