Fagstoff
Video
Inndeling av hovudet i indre og ytre område
Vi deler hovudet inn i eit indre og eit ytre område. Dette blir delt av crestområdet som ligg rundt hovudet på høgde med tinningane. Hovudforma er individuell og påverkar korleis vi bør klippe. Du må derfor ta omsyn til crestområdet når du skal velje ei klippeform som passar til kunden.
Film: Inndeling av hovudet
I filmen under (lengde 2:35) viser Mirja Rahm korleis vi deler hovudet inn i ulike område.
Video: NRK / Avgrensa gjenbruk
Inndeling av hovudet i indre og ytre område
Det indre området er på toppen av hovudet, der håret ligg inntil hovudet. Den ytre forma er den nedste delen av hovudet, der håret heng fritt.
Crestområdet
Det indre og det ytre området blir delt av crestområdet. Dette er det breiaste området som ligg rundt hovudet på høgde med tinningane. Dersom du kjenner på hovudforma til kunden, vil du registrere ei bogeform. Forma er individuell og varierer frå person til person. Dette må du ta omsyn til når du skal velje ei klippeform som passar til kunden.