Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Lag ein vegetativ krans

Den vegetative stilforma har naturen som førebilete. Lat deg inspirere av art nouveau og lag ein vegetativ krans. Uttrykket skal vere levande og naturleg, gjerne asymmetrisk og med ein uregelmessig rytme.

Del 1: Art nouveau

Set deg inn i kva som kjenneteiknar art nouveau, eller jugendstil som det òg blir kalla.

Blomsterkrans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Lag ein vegetativ krans

Ein krans er eit sirkelforma arbeid som blir laga og dekorert med blomstrar og plantemateriale. Bruk ein oasiskrans, halmkrans, greinkonstruksjon, mosekrans eller liknande som underlag eller stikkmasse, og lag ein krans. Bruk kjenneteikn på vegetativ stilform når du utformar kransen.

Kjenneteikn på vegetativ stilform

Blomsterdekorasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
  • naturen som førebilete
  • levande og naturleg
  • asymmetri og uregelmessig rytme
  • materiale frå same vekstvilkår/miljø
  • blanding av grupperingsteknikkar
  • Alle delar av planten er like viktig: frå knopp til utsprungen blomster.

Relatert innhald

Art nouveau, også kalla jugendstil, er ein dekorativ kunst som brukte naturen som inspirasjon. Den nyskapande stilretninga varte frå ca. 1890 til 1914.

Den vegetative stilforma har naturen som førebilete. Uttrykket skal vere levande og naturleg, gjerne asymmetrisk og med ein uregelmessig rytme.

CC BY-SASkrive av Lise Fridholm og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 18.03.2020

Læringsressursar

Stilformer