Hopp til innhald

Fagstoff

Formal stilform

Blomsterarbeid i formal stilform har store, klare kontrastar og få plantemateriale som framhevar kvarandre. Formal stil har eit enkelt formspråk, er asymmetrisk og har ein uregelrett rytme.
Blomsterbukett. Foto.

Kjenneteikn på formal stilform

Typiske kjenneteikn på denne stilforma er

  • strenge og reine former
  • asymmetri
  • uregelrett rytme
  • få sortar og klare kontrastar
  • inga ytre geometrisk form
  • at alle materialeigenskapane er like viktige

Stilhistorisk utgangspunkt

Formal stilform har utspringet sitt i funksjonalismen. Stilen er inspirert av arkitektur med klare former og tydelege kontrastar. Som blomsterdekoratør kan du lage arbeid som forsterkar eit minimalistisk uttrykk i arkitekturen og i interiøret. Formspråket skal vere enkelt.

Blomsterdekorasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Funksjonalisme er ei stilretning innanfor arkitektur, byplanlegging og kunstindustri. Idealet er eit enkelt formspråk, der form skal følgje funksjon.

Det minimalistiske formspråket blir kjenneteikna ved at det er enkelt. Objekta er gjerne bygde opp av rette linjer, reine flater og geometriske former.

CC BY-SASkrive av Lise Fridholm og Susanne A. Flatheim.
Sist fagleg oppdatert 18.09.2020

Læringsressursar

Stilformer