Hopp til innhald

Fagstoff

Knappholsblomster

Brudgom, mannlege forlovarar og eventuelt brudesveinar kan bere ein knappholsblomster, òg kalla corsage, på venstre jakkeslag. Blomstrane i knappholsblomsteren matchar gjerne brudebuketten i farge, form eller art. Følg stega i denne rettleiinga, og lag ein eller fleire knappholsblomstrar.
Knappholsblomster med burgunder band og kvite blomstrar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Stifte- og teipeteknikk

Stifte- og teipeteknikk er ein vanleg teknikk innan brudebinderi, og du kan bruke han på blomstersmykke og brudebukettar.

Tips

Knappholsblomstrar skal ha ei flat bakside. Hovudblomsteren skal vende utover, og ikkje oppover. Blomstrar med høg blomsterbotn vil stikke for langt ut frå dressjakka.

Du treng ikkje bruke hovudblomster frå brudebuketten for å matche, men kan velje kva som helst materiale frå brudebuketten. Vel materiale med same uttrykk eller farge.

Bruk heller fleire små materiale enn veldig store. Blad eller blomstrar som toler lite, kan du styrke med litt teip rundt stilken før du stiftar.

Montering av knappholsblomster

Relatert innhald

Beskriv ein kunde som vil ha eit blomstersmykke til eit spesielt høve. Vel ei stilform, la deg inspirere og lag eit blomstersmykke til kunden din.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 24.11.2022

Læringsressursar

Teknikkar i blomsterdekoratørfaget