Hopp til innhald

Fagstoff

Spindelvev av ståltråd i blomsterarbeid

Ståltråd er eit materiale du kan bøye, klippe, vikle og forme. Med tynn ståltråd kan du strikke, hekle eller veve. I denne filmen ser du korleis du kan lage eit stativ for blomstrar ved å lage eit spindelvev av ståltråd.

Materiale

Ståltråd

Ståltråd eignar seg godt til å konstruere former. Tråden er så mjuk at han kan formast, samtidig som du kan lage former som er sterke. Du kan til dømes tvinne, vikle, hekle, strikke, veve, bøye og feste ståltråd med ulike samanføyingsteknikkar. Ståltråden er ofte skjult i blomsterarbeidet, men den kan òg brukast som eit synleg dekorativt element i arbeidet.

Spindelvev av ståltråd

For å lage eit stativ som filmen over viser, treng du ståltråd, blomstertape og tråd til å veve med. Du kan bruke tråd av metall, garn eller til dømes hamptråd, alt etter kva uttrykk du ønskjer.

Stativ laga av stålråd som eit spindelvev, vove med garn i ulike fargar og blomstrar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teknikk

Du bruker ståltråd som du først dekkjer med blomstertape. Talet på trådar i stativet må vere eit oddetal. Jo færre trådar du bruker, jo større avstand blir det, og dersom du ønskjer ein tettare vev, bør du bruke endå fleire trådar. Du samlar trådane i handa og bøyer kvar tråd vinkelrett ut. På den måten får du ei sirkelform med eit handtak under.

Veving

No kan du starte å veve innerst i sirkelen ved å leggje ein tråd annankvar gong over og under ståltråden. Du kan bruke tynnare metalltråd, garn i ulike fargar eller til dømes hamptråd. Du vel materiale og farge alt etter kva uttrykk du ønskjer.

Blomstrar

Du kan bruke stativet som utgangspunkt for ein alternativ brurebukett eller som ein skulptur dekorert med blomster eller anna botanisk materiale.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2020

Læringsressursar

Teknikkar i blomsterdekoratørfaget