Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Lite reir med vaktelegg til påske

La skjønnheita til naturen spele hovudrolla i vår- og påskepynten. Vaktelegg er små og har eit naturleg vakkert spel i skalet. Ekte, blåste egg kan kjøpast og brukast i påskedekorasjonar. Bruk nokre dekorative greiner og ståltråd for å forme eit lite reir til egga.
Sju vaktelegg i eit lite reir av ståltråd og greiner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Framgangsmåte

  1. Bruk vikletråd og form ei lita skål. I dette dømet er det brukt svart tråd, vikla saman tilfeldig og forma til ønskt storleik. Vel farge på tråden som passar greinene.

  2. Fest greinene i vikletråden langs kanten av reiret. Her er det brukt greiner med mose.

  3. Legg vaktelegg i reiret, og dekorer gjerne med fjør eller anna materiale frå naturen.

  4. Reira kan brukast som dei er, eller som del av ein større dekorasjon.

Vikletråd forma som eit lite reir og greiner med mose festa i. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tips

  • Greiner frå buskar og tre kan drivast fram inne. På den måten kan du bruke blomstrar eller greinar med grøne skot og blad i dekorasjonar før dei blomstrar og spirer ute.

  • Vaktelegg er flotte i ein greinkrans, i ein bukett eller ein dekorasjon. Du kan også henge egga i greiner eller pynte med dei på påskebordet.

Vaktelegg med ujamne flekkar av bruntonar i skalet i ei skål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland. Rettshavar: Lise Fridholm
Sist fagleg oppdatert 05.04.2021

Læringsressursar

Teknikkar i blomsterdekoratørfaget