Hopp til innhald

Fagstoff

Nett av ståltråd i blomsterarbeid

Hønsenetting er eit nett med sekskanta hol. Ståltråd kan du bøye, klippe, vikle og forme. I denne filmen ser du korleis du kan lage ei tredimensjonal form med nett av ståltråd. Forma kan du dekkje med botaniske materiale, eller bruke i konstruksjon av eit blomsterarbeid.

Materiale

Ståltråd

Ståltråd eignar seg godt til å konstruere former. Tråden er så mjuk at du kan forme han, samtidig som du kan lage former som er sterke. Du kan til dømes tvinne, vikle, hekle, strikke, veve, bøye og feste ståltråd med ulike samanføyingsteknikkar. Ståltråden er ofte skjult i blomsterarbeidet, men du kan òg bruke han som eit synleg dekorativt element i arbeidet.

Hønsenetting av ståltråd

Du treng berre ståltråd for å lage nettet. Prøv deg fram med tjukkleik på ståltråden. Ein stor konstruksjon som skal bere meir materiale, krev gjerne ein tjukkare tråd enn eit lite arbeid.

Hovudplagg laga av hønsenetting og blomstrar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teknikk

Du bruker ståltråd som du tvinnar saman. Start med to trådar og fest dei ved å tvinne dei saman på midten. Deretter byggjer du på ved å tvinne nye ståltrådar på kvar ende. Etter kvart vil du feste trådane i kvarandre, slik at det blir danna eit nett. Dersom du skal lage ei tredimensjonal form, som til dømes ei kule, er det viktig at du formar denne etter kvart som du byggjer nettet. Då vil du få ei jamn, fin form.

Blomstrar

Forma du lagar, kan du dekkje med blomstrar eller andre botaniske materiale. Du kan flette inn gras og strå som følgjer forma, eller materiale som stikk meir ut frå forma. Bruk teknikken til å lage store blomsterarbeid som dekor i rom, eller små former til å lage blomsterarbeid til pynt på bordet.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2020

Læringsressursar

Teknikkar i blomsterdekoratørfaget