Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Mosehjarte

I denne oppgåva kan du lage form ved hjelp av enkle materiale. Vi har brukt avispapir til å forme eit hjarte. Hjartet kan dekkjast og dekorerast med ulike botaniske materiale. Mose eignar seg veldig godt.

Mosehjarte

Avispapir forma med ståltråd som eit hjarte mellom to hender. Foto.
  1. Form ei avisside eller anna papir som ein drope. Legg på meir papir etter kvart. Hugs at forma skal dekkjast med mose som byggjer litt ut. Derfor må ikkje spissen bli for tjukk.
  2. Bruk vikletråd, myrtetråd eller ståltråd rundt og form to like dropeformer. Ståltråden gjer at du kan klemme inn, bøye og forme avispapiret lettare.
  3. Set dei to formene saman til eit hjarte.
  4. Dekk hjartet med mose eller anna botanisk materiale. Bruk vikleteknikk, og pass på at mosen følgjer forma jamt, slik at det blir eit tydeleg hjarte.

Tips

  • Trespon, halm og greiner kan òg brukast til base.
  • Hjartet kan dekkjast med strå, gras, lyng eller andre botaniske materiale som dekkjer godt over basen.

Dekor

Hjarte av avispapirer dekt med gras og strå. Foto.

Dersom du ønskjer å tilføre hjartet dekor, kan du bruke kongler, blomar, blad, greiner, frø, bær eller kapslar. Tenk kreativt ut frå kva for nokre botaniske materiale du kan få tak i eller har tilgang på i nærområdet ditt.

Tenk enkelt, men kontrastrikt. I formal stilform studerer du først hovudmaterialet. Sjå døme på ein enkel FLOF-analyse under.

Deretter kan du velje materiale som har ein tydeleg kontrast til hovudmateriale. På den måten skaper du spenning, og materialet kjem endå tydelegare fram. Du bør ikkje tilføre for mange materiale. Eitt til tre materiale er nok for å skape tydelege kontrastar.

FLOF-analyse

  • FLOF står for form, linje, overflate og farge.

Døme

Norsk namn: Storkranmose
Botanisk namn: Rhytidiadelphus triquetrus

Forma til arbeidet er hjarte. Hjarte er ei lukka form. Mosen utgjer ein stor, klar og opak form.

Alle stenglane i mosen dannar eit teppe av korte tynne linjer. Stenglane strekk seg i ei retning.

Overflata kjennest mjuk, men ruglete.

Fargen er grøn. Han er litt mørk og djup, men klar.

Kontrastar

Kontrastar til mosen kan då vere:

  • open, lita eller uklar form
  • transparente materiale
  • lange, krokete, svinga eller tjukke linjer
  • glatt, blank eller hard overflate

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 22.11.2020

Læringsressursar

Teknikkar i blomsterdekoratørfaget