Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Haustkrans

Når hausten og kulda kjem snikande, blir naturen endra rundt oss frå frodige grøne tonar til fargar som raudt, brunt, gult eller fiolett. Trea kler seg opp i all si prakt, og då gjeld det å utnytte ressursane og fargespelet. Du kan til dømes lage ein dørkrans til inngangspartiet.
Halmkrans på vegg i haustfargane grønt, brunt, gult og raudt. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Treets fargar

Har du nokon gong lurt på kvar grønfargen blir av når hausten kjem? Og kvifor blir nokon blad raude, medan andre blir gule? Når kulda kjem om hausten, stansar treet fotosyntesen, og klorofyllet blir trekt inn frå blada og lagra i stammen og i borken. Når klorofyllet forsvinn ut av blada, oppdagar vi den eigentlege fargen til treet. Klorofyll betyr grønt fargestoff, og det er denne fargen som har dekt den opphavlege fargen til bladet. Fargen på eit blad er altså eit resultat av samspelet mellom ulike pigment som plantane produserer.

Haustlauv og raude bær. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Krans

Krans er eit tradisjonelt arbeid og er ofte brukt ved gravferder eller minnehøgtider, men han kan òg brukast i mange andre samanhengar. I denne oppgåva lagar du ein dørkrans med botaniske materiale du finn i nærområdet ditt om hausten.

Ein krans skal tradisjonelt sett ha bestemde proporsjonar, mål og form. Det er viktig for ein blomsterdekoratør å kjenne til og bruke desse prinsippa for form og proporsjonar. I denne oppgåva kan du velje å eksperimentere fritt utanfor desse reglane, eller setje deg inn i prinsippa før du startar.

Blomsterkrans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Materiale

Halmkrans eller greinar

Du kan velje å la basen på kransen vere av halm eller greiner. Greiner kan tvinnast, blir bunde og blir saman vikla til ein krans. Du kan òg binde halm til ein krans, eller omarbeide forma til ein ferdig halmkrans. Legg gjerne halmkransen på golvet og tråkk forma ut for å endre kvar brei kransen er i forhold til opninga i midten.

Botaniske materiale

Du skal ut i skogen og leite etter materiale. Om hausten vil du kunne finne gule, oransje, raude og nesten fiolette blad. Saman med dei grøne blada kan du skape sterke fargekontrastar. Du kan variere storleik og form på blada, og du kan finne andre element som nøtter eller kongler. Blada vil naturleg nok visne meir og meir, og dermed òg bli brunare etter kvart. Kor lenge synest du kransen held seg fin? Får den andre kvalitetar etter kvart som blada endrar seg?

Blomekrans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

Det er lurt å ha godt verktøy, som til dømes ei greinsaks eller ein god kniv. Når du festar blada, kan du bruke vikletråd eller annan ståltråd. Vel gjerne ein ubehandla som rustar, og dermed blir brote ned.

Oppgåve

Halmkrans

  1. Bind ein halmkrans, eller omarbeid forma og proporsjonane på ein ferdig halmkrans.
  2. Samle botaniske materiale som du vil bruke i kransen. Sortar og klipp til materialet før du byrjar.
  3. Bruk vikleteknikk på halmkrans.
  4. Dekorer kransen med nøtter, kongler, kapslar eller anna om du ønskjer det.
Hender som viklar ståltråd rundt vintergrønt på ein halmkrans. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vikleteknikk på halmkrans

  • Fest vikletråden på halmringen, og start viklinga inst i ringen. Legg på blad utover, og vikl tråden rundt. Hugs at det er lurt å leggje dei minste blada inst. Du kan jobbe jamt og systematisk eller friare med store kontrastar mellom form, storleik og farge på blada.
  • I neste omgang skal blad dekkje tråden og endene frå første omgang.
  • Blada skal følgje forma og liggje mot høgre.
  • Når du har komme rundt, legg du endene og tråden inn under spissane på blada der du starta, og festar tråden.
Transparent krans av greiner. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Greinkrans

  1. Bind, tvinn eller flett ein krans av greiner. Denne kan du gjere tett eller transparent.
  2. Samle botaniske materiale som du vil bruke i kransen. Sortar og klipp til materialet før du byrjar.
  3. Bruk ståltråd for å feste materiala på greinene.

Relatert innhald

Bruk av kontrastar påverkar korleis vi opplever farge og form. Ved å bruke fargekontrastar bevisst kan du forsterke det uttrykket du ønskjer.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 15.11.2020

Læringsressursar

Teknikkar i blomsterdekoratørfaget