Hopp til innhald

Fagstoff

Bukett

Ein bukett er avskorne blomstrar og andre botaniske materiale som er bundne saman. Her skal du lære korleis du kan lage ulike bukettar. Start med å reinse stilkane, og bruk radial eller parallell grupperingsteknikk. Bindepunktet må vere fast, og du skal kunne løfte buketten frå eit hovudpunkt.
Vase med vatn, sukker i ei skei og ei flaske eddik. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Stativ laga av ståltråd som ein spindelvev, vove med garn i ulike fargar og blomstrar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Haldbarheita til buketten

Reint vatn

Alle materiala i buketten må få eit godt snitt, slik at dei kan trekkje vatn. Fjern alle blad og tornar som er på nedste tredel av stilken. Dersom blad blir liggjande i vatnet, vil dei ròtne. Då oppstår bakteriar, og blomstrane vil få kortare haldbarheit fordi vatnet ikkje er reint.

Skråsnitt

Når blomstrane blir tekne opp av vatnet, tørkar den nedste delen av stilken. Då klarer ikkje blomsteren å trekkje vatn. Derfor er det viktig å lage eit nytt snitt når du har bunde buketten. Eit reint skråsnitt vil halde porene eller leidningsgangane i stilken opne lenger. Du må bruke ein skarp kniv for eit glatt snitt.

Haldbarheit

I nokre tilfelle lagar vi bukettar som berre skal vare gjennom spesielle augneblinkar. Ein brudebukett vil i dei fleste tilfelle ha kortare haldbarheit enn ein bukett ståande i vase med vatn. Då kallar vi gjerne arbeidet for ein augneblinkbukett.

Ein bukett i radial grupperingsteknikk står utan støtte på eit bord. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teknikk

Grupperingsteknikk er korleis du set saman blomstrane og korleis du legg stilkene i forhold til kvarandre.

Radial grupperingsteknikk

I filmen over ser du korleis blomsterdekoratøren bruker radial grupperingsteknikk. Då ligg stilkane diagonalt i spiral. I ein slik bukett er bindepunktet der stilkane møtest. Når alle blomstrane ligg slik du ønskjer, bind du med til dømes bast. Bindepunktet må vere fast, slik at buketten held forma, men ikkje så stramt at stilkane knekk.

Parallell grupperingsteknikk

Lang blomsterbukett. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I ein bukett med parallell grupperingsteknikk ligg stilkane t og parallelt. Ein slik bukett kan ha eitt eller fleire bindepunkt.

Balanse

Ein bukett skal ha teknisk og optisk balanse. Teknisk balanse vil seie at buketten ikkje er tyngre på den eine sida, men at han står godt i ein vase utan å tippe over.

Viss auga våre oppfattar buketten som balansert, har den òg optisk balanse. Buketten kan ha symmetrisk eller asymmetrisk balanse. Ofte har bukettar 1/3 av høgda til buketten under bindepunktet og 2/3 over. Nokre gonger kan det òg vere omvendt.

Stilform og uttrykk

Klassisk bukett

Blomsterdekorasjon i mange fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein klassisk bukett har ei klar ytre geometrisk form. Blomstrane står tett, hovud mot hovud. Ein slik bukett har få sortar blomstrar og ofte berre éin farge. Biedermeier- og rokokkobukett er døme på slike formarbeid. Ein klassisk bukett har eit heilskapleg og harmonisk uttrykk.

Dekorativ bukett

Ein bukett i dekorativ stilform har ofte ein dominerande farge og gjentaking av form. Du kan likevel bruke mange ulike typar blomstrar saman, og ha mangfald i former og fargar. Buketten blir avgrensa av ei ytre form, men har djupnevariasjonar og kontrastar.

Formal bukett

I ein formal bukett bruker vi få sortar og klare kontrastar. Ein formal bukett har eit enkelt uttrykk, med ujamn rytme. Buketten har inga ytre geometrisk form. Dei ulike plantemateriala framhevar kvarandre. Ta utgangspunkt i forma til hovudblomsteren, linjer, overflate og farge, og leit etter størst mogleg kontrastar.

Vegetativ bukett

Fem små bukettar i glasvasar. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dekorasjon er nok den mest vanlege disiplinen innan vegetativ stilform. Du kan likevel bruke dei same prinsippa til ein bukett. Ta utgangspunkt i naturen, og attskap noko av han framfor å følgje menneskeskapte prinsipp for komposisjon. Start med ein type blomster, og undersøk kva andre planter han vanlegvis veks saman med, og kva årstid han høyrer til. Bruk alle delar av blomsteren, som knopp, blomster, blad, stilk og frøkapsel. I vegetativ stilform har du høve til å kombinere radial og parallell grupperingsteknikk, fordi dei ulike plantene veks både radialt og parallelt i naturen.

Transparent bukett

Grøn og gul blomsterdekorasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Transparent betyr gjennomsiktig eller gjennomskinleg. Eit transparent arbeid har derfor eit luftig uttrykk, der du kan sjå mellom dei ulike materiala. For å oppnå dette blir det kravd andre teknikkar enn den tradisjonelle buketten med eit bindepunkt. For å få til ein transparent bukett må du ofte bruke mange og små bindepunkt og punkt der plantene kan trekkje vatn. Arbeidet blir ofte ein kombinasjon av bukett, dekorasjon og arrangement, som dannar ei organisk, ikkje-klår ytre form. Urolege og dynamiske linjer skaper eit leikent uttrykk.

Historie

Bukett er den eldste forma for blomsterdekorering vi kjenner til. Bilete på veggane i egyptiske gravkammer viser døme på blomsterarbeid heilt tilbake til antikken. Funn av restar etter blomstrar i oldtidsgraver viser at å ære dei døde med blomstrar, har vore tradisjon i fleire tusenår.

Heilt frå 1500-talet har frodige og duftande blomsterbukettar vore vanleg. Etter kvart oppstod ulike typar bukettar. Mot slutten av 1800-talet dyrka gartnarar snittblomstrar i veksthus.

I dag er buketten vanleg i store høve, som bryllaup og gravferder. Buketten blir brukt til å dekorere både offentlege og private rom, som hotellresepsjonar eller ved arrangement. Ikkje minst er buketten ei populær gåve til verten og vertinna, til bursdagsbarnet eller til å pynte opp eigen heim.

Låg, lukka bukett

I klippet frå NRK kan du sjå ein blomsterdekoratør lage ein låg og lukka bukett med tydeleg dominansfarge.

Rund, open bukett

I klippet frå NRK kan du sjå ein blomsterdekoratør lage ein rund og open bukett med roser og staffasje.

Kjelde

Kristoffersen, R. (2018). Blomsterdekorering og formgiving. Gyldendal Norsk Forlag.

Relatert innhald

Ei viktig oppgåve for blomsterdekoratøren er å ta godt vare på plantematerialet. Korleis behandlar du snittblomstrar slik at dei held seg lengst mogleg?

Vi kan dele blomsterarbeid inn i fem ulike stilformer med ulike kjenneteikn. Felles for alle stilformene er at komposisjonen følgjer designprinsippa.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2020

Læringsressursar

Teknikkar i blomsterdekoratørfaget