Hopp til innhald

Fagstoff

Dekorasjon

Du kan lage dekorasjonar ved å setje avskorne blomstrar og andre botaniske materiale i stikkmasse. Dekorasjonar kan til dømes pynte opp eit festbord eller bli gjevne som gåver. Kiste- og båredekorasjonar er med på å skape ei vakker ramme rundt ei gravferd.

Teknikk

Reint vatn og skråsnitt

Blomsterdekorasjon på bord i haustfargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Nærbilete av kvite blomstrar i ein hjartedekorasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
Blomsterdekorasjon i graskar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Alle materiala må få eit godt snitt, slik at dei kan trekkje vatn. La gjerne blomstrane stå i vatn eit par timar før du skal bruke dei i dekorasjonen. Du må bruke ein skarp kniv for å skjere eit glatt snitt. Eit reint skråsnitt vil halde porene eller leidningsgangane i stilken opne lenger. Reins den delen av stilken som skal inn i stikkmassen. Blad og tornar vil skape unødvendig store hol, slik at stilkane står lausare.

Plasser stilkane godt inn i stikkmassen, slik at dei står stødig og kan trekkje rikeleg med vatn. Det er viktig å lage hol eller opningar i stikkmassen, slik at du lett kan fylle på vatn i dekorasjonen.

Stikkmasse

Som stikkmasse kan du bruke naturlege materiale, som halm, mose, greiner, stein, sand og grus, eller det kan vere kunstig stikkmasse, som blomsterskum. Blomsterskum, som oasis, kan berre brukast éin gong og er ikkje nedbrytbart. Tenk berre på kor lite miljøvennleg all oasisen som blir brukt i minne- og sørgjehøgtider, er. Dersom du lagar blomsterarbeidet utan stikkmasse, blir det kalla eit arrangement.

Berekraftige materiale

Det blir gjennomført over 40 000 gravferder i Noreg kvart år. Det er nesten umogleg å sortere dei botaniske materiala frå stikkmassen laga av plast, og derfor hamnar avfallet ofte i restavfall.

Det blir utvikla stadig nye løysingar, som nedbrytbare bio-underlag til krans og hjarte, som du kan fylle med lav eller mose. Det er òg ein type stikkmasse av ull på marknaden. Materiale som halm, greiner, sand og mose kan òg fungere godt som stikkmasse. Kor mykje dei ulike materiala som skal festast, toler, og uttrykte du ønskjer, avgjer kva som passar best.

Utviklinga mot bruk av meir miljøvennlege, nedbrytbare og berekraftige materiale i denne bransjen krev blomsterdekoratørar som kan ta modige val og som er kreative i søken på gode alternativ. Det tek både tid og kostar ofte meir med alternativ til planteskum.

Grupperingsteknikk

Grupperingsteknikk er korleis du set saman dei ulike materiala i forhold til kvarandre. I ein dekorasjon vel du parallell eller radial grupperingsteknikk, eller ein kombinasjon av dei to. I ein parallell dekorasjon festar du stilkane ned i stikkmassen slik at dei står rett og ved sida av kvarandre – akkurat slik stråa står parallelt i forhold til kvarandre i ein kornåker. I ein radial dekorasjon tenkjer du deg eit møtepunkt i stikkmassen eller eit tenkt punkt under dekorasjonen. Frå dette punktet stråler stilkane ut. I naturen kan du sjå det i til dømes ei grastue, der graset kjem frå eit felles punkt.

Stilform

Klassisk dekorasjon

Runde blomsterdekorasjoner laga av rosa roser og kvistar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein klassisk dekorasjon har ein klar ytre geometrisk form. Blomstrane står tett, hovud mot hovud. Dekorasjonen har få sortar blomster og ofte berre éin farge. Ein klassisk dekorasjon har eit stramt, heilskapleg og harmonisk uttrykk.

Dekorativ dekorasjon

Ein dekorasjon i dekorativ stilform har ofte ein dominerande farge og gjentaking av form. Du kan likevel bruke mange ulike typar blomster saman, og ha mangfald i former og fargar. Dekorasjonen blir avgrensa av ei ytre form, men har djupnevariasjonar og kontrastar.

Formal dekorasjon

Blomsterdekorasjon med rosa, gule og kvite blomstrar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I ein formal dekorasjon bruker du få materiale og klare kontrastar. Ein formål dekorasjon har eit enkelt uttrykk, med ujamn rytme. Dekorasjonen har inga ytre geometrisk form, men har ofte ujamn rytme og asymmetrisk balanse for å skape spenning. Dei ulike plantemateriala framhevar kvarandre. Ta utgangspunkt i forma til hovudblomsteren, linjer, overflate og farge, og leit etter størst moglege kontrastar i dei andre materiala.

Vegetativ dekorasjon

Blomsterdekorasjon i haustfargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I ein vegetativ dekorasjon tek du utgangspunkt i naturen og attskaper noko av han. Du følgjer ikkje menneskeskapte prinsipp for komposisjon, men studerer korleis ulike planter veks saman i naturen. Ta utgangspunkt i ein type blomster og undersøk kva andre planter han vanlegvis veks saman med, og den årstida han høyrer til. Bruk alle delar av blomsteren, som knopp, blomster, blad, stilk og frøkapsel. I vegetativ stilform har du høve til å kombinere radial og parallell grupperingsteknikk, fordi dei ulike plantene veks både radialt og parallelt i naturen.

Transparent dekorasjon

Transparent betyr gjennomsiktig eller gjennomskinleg. Ein transparent dekorasjon har derfor eit luftig uttrykk, der du kan sjå mellom dei ulike materiala. Arbeidet blir ofte ein kombinasjon av dekorasjon og arrangement, som dannar ei organisk og ikkje-klar ytre form. Urolege og dynamiske linjer skaper eit leikent uttrykk. Materiala i eit arrangement blir ikkje stukne i ei masse.

Dekorasjon i blomsterskum

I klippet frå NRK kan du sjå korleis ein blomsterdekoratør bruker oasis som stikkmasse i ein dekorasjon.

Parallell dekorativ dekorasjon

I klippet frå NRK kan du sjå korleis ein blomsterdekoratør bruker parallell grupperingsteknikk i ein dekorativ dekorasjon.

Parallell formal dekorasjon

I klippet frå NRK kan du sjå korleis ein blomsterdekoratør bruker parallell grupperingsteknikk i ein formal dekorasjon.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 22.09.2020

Læringsressursar

Teknikkar i blomsterdekoratørfaget