Arbeidsoppdrag
Bruk tradisjonshandverk i ei vindaugsutstilling
Even Hansen viser korleis han kombinerer treskjering med digitale verktøy og nye materiale. Korleis kan du bruke tradisjonshandverk når du skal eksponere varer i ein butikk? Bruk eit eller fleire produkt som er laga med tradisjonelle handverksteknikkar i ei vindaugsutstilling.
I filmen over seier Even Hansen mellom anna:
Det er viktig at vi som utøver eit tradisjonshandverk er med på utviklinga i samfunnet, samtidig som vi tek vare på kulturarven vår [...]. Finn vi nye bruksområde, kan vi ta vare på tradisjonane og føre dei vidare.
Tradisjon, kultur og natur pregar trendbiletet, og det berekraftige appellerer til kunden. La deg inspirere til å bruke eitt eller fleire produkt som er laget med tradisjonelle handverksteknikkar, i ei vindaugsutstilling.
- La deg inspirere av produkt laga med tradisjonelle handverksteknikkar når du planlegg ei utstilling.
- Lag eit stemningskart der du kombinerer produkt laga med tradisjonelle handverksteknikkar og dei produkta butikken ønskjer å vise i ei utstilling.
- Vel ut dei elementa du vil bruke vidare i vindaugsutstillinga.
- Visualiser løysingsforslag ved hjelp av skisser.
- Lag sjølve utstillinga eller ein modell. Du kan lage ein digital tredimensjonal modell laga i eit digitalt program, eller ein fysisk modell.
- Bli samd med læraren din om korleis du skal dokumentere arbeidsprosessen og presentere løysinga di.
- stemningskart
- skisser
- utstilling eller modell
eigenvurdering:
- Vurderer korleis det tradisjonelle produktet fungerer i ein moderne samanheng, og kva du synest om det estetiske uttrykket.
- Beskriv korleis du opplever kombinasjonen av tradisjon og nyskaping.