Hopp til innhald

Fagstoff

Det indre salsmiljøet

Det indre salsmiljøet skal få kundane til å trivast og gi dei lyst til å handle. Føremålet er å selje meir til dei kundane som allereie er inne i butikken.
Utstilte bøker og stablar av bøker på bord inne i ein bokhandel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det indre salsmiljøet

Fargebruk og profilering påverkar i stor grad oppfatninga som kundane får av lokalet. Det blir feil om fasaden gir inntrykk av at butikken er svært eksklusiv, mens det indre miljøet gir eit billeg inntrykk.

Desse elementa inngår i det indre salsmiljøet:

  • innreiing
  • belysning
  • personale
  • reinhald og orden
  • vareplassering

Innreiing

I butikken er hovudoppgåva til innreiinga og utstyret å presentere varene. På eit hotell eller ein restaurant har derimot innreiinga som oppgåve å gjere det funksjonelt og komfortabelt for gjestane og få dei til å trivast. Ein generell regel er at innreiinga og utstyret ikkje bør vere gammalt og slitt. Då kan kundane få eit inntrykk av at varene og tenestene har dårleg kvalitet.

Belysning

Belysninga inne i butikken er også viktig for å skape eit godt og triveleg salsmiljø, som gjer at kundane ønskjer å handle meir. Belysning handlar ikkje berre om å vise varene til kundane, belysning er òg kommunikasjon og marknadsføring. Lys blir brukt for å auke omsetninga og for å forsterke profilen til butikken.

Personalet

Dei tilsette i butikken er ein del av det indre salsmiljøet, og dei tilsette er heilt klart med på å uttrykkje profilen til firmaet. Oppfatninga som kundane får av firmaet blir påverka av utsjånaden og framferda til dei tilsette. Kundane legg spesielt merke til om dei tilsette er velstelte, fint kledde, serviceinnstilte, og ikkje minst om dei har god kunnskap om varene og tenestene dei sel.

Det er ikkje utan grunn at mange butikkar krev at dei tilsette har på seg bestemde klede. Dette kan vere arbeidsuniformer eller kleskode for privat tøy.

Reinhald og orden

Det er viktig for salet at kundane opplever butikken som rein og ryddig. Det må vere godt reinhald på både golv og vegger og ikkje minst i varehyllene. Det blir mykje støv og skit i løpet av ein dag med stadige kundebesøk, og det er ikkje uvanleg at dei tilsette vaskar både hyller, varer og golv i løpet av arbeidsdagen.

I tillegg til reinhald er det minst like viktig at butikken verkar ryddig. Varene er ofte sirleg plasserte i fine bunkar, og slik ser det ikkje ut når kundane har sett på varer eller prøvd dei. Dei tilsette må derfor heile tida rydde etter kundane. I daglegvarer er det viktig å trekkje fram varene, slik at hyllene ikkje ser halvtomme ut. I frukt- og grøntavdelinga må dårlege varer plukkast bort.

Vareplasseringa

Vareplasseringa er svært viktig for salet. Ulike salsformer krev ulik vareplassering. Det er mykje du må ta omsyn til når varene skal plasserast. Les meir om dette i artikkelen nedanfor.

Relatert innhald

Varene blir ikkje tilfeldig plasserte rundt i butikken. Vareplasseringa avheng av kva salsform det er i butikken, og om butikken tilhøyrer ei kjede.

Planogram

Dei fleste store butikkjedene, som til dømes H&M, Gina Tricot, Dressmann, Zara, Sport 1, Meny og 7–Eleven er ofte underlagde føresegner for korleis det skal sjå ut inne i butikken og eventuelt i utstillingsvindauga. Dei bruker eit planogram, som er bestemt av hovudkontoret.

Eit planogram er ei teikning over korleis varene skal plasserast, korleis salsplakatar skal hengje og korleis utstillingar og salspunkt skal sjå ut. Planogramma skiftar ofte, gjerne i samband med ulike marknadsføringskampanjar, marknadsaktivitetar, sesongar, høgtider eller andre ting. Nokre planogram kan vere meir stabile, til dømes for butikkinnreiing og for kvar dei ulike varene skal plasserast.

Økologiske varer i ei butikkhylle. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 16.05.2018

Læringsressursar

Salsmiljø