Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Skoutstilling – no er det vår!

Korleis kan du gi eit par med skor merksemd? Lag ei utstilling som får fram at det er vår og som speglar stilen og trenden du har valt i skorne.
Fire digitale skisser og foto av ei utstilling av eit par sko plassert på ein sokkel som er dekorert med papirblomstrar. Kollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Eksponeringsoppdrag

Ein skobutikk har gitt deg i oppdrag å eksponere ein av nyheitene i vår. Du vel sjølv eitt par med sko som skal vere utgangspunktet for arbeidet ditt.

Utstillinga skal ha eit vårlig preg og få fram stiluttrykket og trenden du har valt i skorne. Hovudmaterialet er papir eller kartong, men du kan òg bruke andre materiale og gjenstandar du har tilgjengeleg. Teknikken er valfri.

Dette skal vere med i utstillinga:

  • bakgrunn
  • eksponeringsutstyr
  • 1 par sko
  • 1–2 valfrie rekvisittar
  • sjølvlaga dekor i papir eller kartong

Del 1: Idéutvikling

  1. Kva forbind du med våren?
    Skriv ned assosiasjonar og teikn raske skisser i lite format.
  2. Kva slags trend representerer skotypen du har valt?
  3. Finn ut kven som kan vere målgruppa for denne skotypen.
    Lag eit moodboard, der du visualiserer kva slags stil denne målgruppa kan ha.

Del 2: Utforming av utstillinga

  1. Bruk stilutrykket frå idéutviklinga di, og lag skisser til korleis du kan setje saman utstillinga di. Eksperimenter med ulike komposisjonsprinsipp og fargar som kan gi assosiasjonar til vår.
  2. Vel ut den beste skissa, og lag ei arbeidsteikning i riktig målestokk.
  3. Lag utstillinga og ta bilete av resultatet.
Tre skisser med skor som er utstilte på ein sokkel. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 3: Presentasjon

Presenter arbeidsprosessen din og det ferdige produktet.
Vurder:

  • kva assosiasjonar utstillinga gir til temaet vår
  • korleis du eksponerer skorne
  • korleis utstillinga appellerer til målgruppa

Innlevering:

  • moodboard for målgruppe
  • skisser og arbeidsteikning i riktig målestokk
  • utstillinga
  • digital presentasjon av arbeidsprosessen din og det ferdige produktet

Relatert innhald

Mote er skiftande smaksretningar, trend er langtidstendensar i ei utvikling, og stil er formspråk som er typisk for ein periode eller ei retning.

Komposisjon handlar om å setje saman delar til ein heilskap. Vi bruker komposisjonsprinsipp for å skape bestemde uttrykk i design, produkt eller arbeid.

CC BY-SASkrive av Torhild Dahl Enoksen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 07.06.2020

Læringsressursar

Salsmiljø