Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Profil og identitet på fasadar

I denne oppgåva skal du lage eit forslag til ein fasade for ein butikk eller ein kafé. Fasaden skal formidle ein tydeleg profil og identitet. Ein gjennomført profil får bedrifta til å stå fram som seriøs og gjer at ho skil seg ut i mengda.
Fargerik veggillustrasjon. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Forarbeid

  1. Finn eit eigna lokale i nærområdet ditt. Det kan vere eit tomt lokale eller ein stad der det allereie er ei bedrift og du ønskjer å gjere ei fasadeendring. Vel gjerne eit bygg som i utgangspunktet har vore brukt til noko heilt anna, som eit nedlagt industribygg, eit naust eller annan eldre busetnad. Bygningar som har spennande arkitektur, som er moderne, eller som har tydelege referansar til ein stilepoke, er òg gode utgangspunkt.
  2. Fotografer fasaden av ditt valde lokale. Ta fleire bilete frå ulike vinklar. Ha både oversiktsbilete der heile fasaden viser, og nærbilete av til dømes inngangsparti eller vindauge.
En kvinne og mann med forkle foran en vogn som selger gatemat. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Målgruppe

Målgruppe er ei gruppe eller ein kategori av personar som har nokre fellestrekk. Målgrupper blir danna ved at du deler menneske inn i grupper ut frå ulike kriterium som kjønn, alder, utdanning, livsstil og forbruksmønster. Før du byrjar på planlegging av fasaden, må du ta stilling til kva målgruppe butikken eller kafeen skal ha. Kven skal salet vende seg til?

Sortiment

Det andre du må tenkje på, er kva sortiment bedrifta skal tilby. Kva varer eller tenester skal butikken eller kafeen selje? Det er viktig at sortimentet passar til den valde målgruppa.

Service og stad

Det siste du må ta stilling til, er kvar og korleis butikken eller kafeen skal selje tenesta eller produkta sine. Dette handlar om kvar lokalet ligg, kva opningstider ein skal ha, eller korleis ein skal møte kundane sine. Om det skal vere sjølvbetening eller personleg service, avgjer kor mange tilsette bedrifta må ha.

Butikkfasaden til Georg Jensen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

  1. Bruk fotoa dine som utgangspunkt. Du kan jobbe digitalt i eit biletredigeringsprogram eller eit 3D-program, lage ein kollasj, teikne eit forslag eller byggje ein modell.
  2. Lag ein visuell profil for butikken eller kafeen. Du må velje fargar, skrifttypar, materiale og uttrykk. Kanskje ønskjer du å skape eit heilt bestemt konsept? Du må velje eit namn og utarbeide ein logo.
  3. Visualiser digitalt eller for hand, i ein kollasj, på ei teikning eller i ein modell korleis fasaden skal sjå ut. Legg inn logo, skilt, dekor og eventuelt andre element som uttrykkjer identitet og profil.
  4. Presenter løysinga di for resten av klassen.
Designar i arbeid på datamaskin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Relatert innhald

Hva inneholder en designmanual, hva brukes de til og hvorfor er de nyttige?

.

CC BY-SASkrive av Hanne Merethe Riskedal Staurland.
Sist fagleg oppdatert 20.11.2019

Læringsressursar

Salsmiljø