Hopp til innhald

Fagstoff

Salsform og vareplassering

Varene blir ikkje tilfeldig plasserte rundt i butikken. Vareplasseringa avheng av kva salsform butikken har, og om butikken tilhøyrer ei kjede. Kvar i butikken, i kva hylle og kvar i hylla ei vare blir plassert, har mykje å seie for kor godt ho vil selje.
Kvinne som handlar daglegvarer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Salsformer

Det finst tre salsformer:

  • fullservice
  • sjølvbetening
  • sjølvval

Fullservice

Ved fullservice finn ekspeditøren fram varene og tek imot betaling. Dette var vanleg i gamle dagar. Då gjekk salet føre seg over disk, og kjøpmannen stod bak disken og ekspederte kvar enkelt kunde. I dag blir ikkje fullservice brukt så mange stader, men det finst framleis, til dømes ved sal av reseptpliktige medisinar på apoteket.

Sjølvbetening

Ved sjølvbetening plukkar kunden sjølv ut varene og tek dei med seg til kassa. Dette er i dag den mest brukte salsforma uansett bransje.

Sjølvval

Sjølvval er ein mellomting mellom fullservice og sjølvbetening. Når du til dømes er i ei møbelforretning og skal kjøpe ein sofa, ser du først på dei ulike sofaene som er stilte ut. Om du treng meir informasjon om sofaene eller ønskjer å bestille, tek du kontakt med beteninga.

Sitjegruppe med reklameplakat i bakgrunnen. Hyller med utstilte sko, tøflar og luer. To fotografi.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva varer høyrer saman?

For å få til ei god plassering må vi vite noko om kva varer som høyrer saman. Heile vareutvalet i ein butikk kallar vi sortimentet til butikken.

Sortimentet deler vi inn i ulike varegrupper. Døme på varegrupper kan vere frysevarer, frukt og grønsaker, hermetikk og mjølkeprodukt.

Innanfor kvar varegruppe finst ulike produktvariantar. Produktvariantane i varegruppa mjølkeprodukt er til dømes lettmjølk, skummamjølk, fløyte og yoghurt.

Varegrupper som høyrer nært saman, kallar vi varefamiliar. I ei klesforretning er til dømes bukser og belte éin varefamilie, mens skjorter og slips er ein annan.

Magnetvarer og impulsvarer

er varer som kundane kjem til butikken for å finne. er varer som kundane ikkje er komne for å kjøpe, men som dei kanskje tek med seg likevel fordi varene har ein god pris eller er plasserte på ein strategisk måte, til dømes ved kassa. Aviser, sjokolade, vekeblad og snacks er typiske impulsvarer.

Magnetvarer er noko butikkar ofte nyttar for å leie trafikkstraumen til butikken og inne i butikken. Døme frå daglegvarebransjen er middagsprodukt, brødvarer og mjølk.

Handlekorg med matvarer. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Impulsvarer er nesten alltid plasserte lett synleg i butikken. Dei står gjerne i fronten for å trekkje folk inn i butikken, eller dei er plasserte nær kassene, der kundane må forbi og lett får auge på dei.

CC BY-SASkrive av Mette Holan. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 20.03.2018

Læringsressursar

Salsmiljø