Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Salsutstilling i eit designmuseum

I denne oppgåva skal de lage ei salsutstilling til eit designmuseum. La dykk inspirere av stilhistoria, vel ein periode og sett dykk inn i kva som kjenneteiknar han. Korleis kan de lage eit utstillingsdesign som representerer denne perioden?
Vindaugsutstilling med greske søyler og torsoar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppdrag

Omvising på ei plakatutstilling. Foto.

De har fått eit oppdrag frå eit designmuseum. Dei ønskjer å vise fram varer frå museumsbutikken. Samtidig skal utstillinga representere ein epoke frå stilhistoria. Vel ein periode de liker, og sett dykk godt inn i kva som kjenneteiknar denne. Finn element frå perioden som du vil bruke i utstillinga, og vel kva varer de vil stille ut.

Oppgåva kan løysast i grupper på 2–3 elevar eller individuelt.

Følgjande skal vere med i utstillinga:

  • bakvegg
  • 3D-element frå stilhistoria
  • varer som er aktuelle i ein museumsbutikk
  • rekvisitt

Dette skal de jobbe med i utstillinga:

  • komposisjon

  • varebehandling
  • fargebruk
  • belysning
  • materialbruk

Arbeidsprosess

  1. Vel ein stilhistorisk periode, og sett dykk inn i kva som kjenneteiknar han.
  2. Lag eit moodboard med element de vil bruke.
  3. Vel ein fargepalett som passar til perioden.
  4. Vel ei målgruppe for utstillinga.
  5. Lag mange idéskisser, og vel ei de vil jobbe vidare med. Arbeid med høgdeforskjellar, linjer og gruppering i komposisjonane.
  6. Lag ei presentasjonsskisse for kunden i målestokk.
  7. Eksperimenter med måleteknikkar og materialval før de lagar utstillinga. De kan bruke plottar, laserskjerar eller folieskjerar viss de har tilgang til dette.
  8. Jobb med belysning og skuggeverknader.
  9. Fotografer den ferdige utstillinga.
Utstilling med tre pyramidar i miniatyr og fire banner med egyptiske figurar og hieroglyfar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Presentasjon for oppdragsgivar

De skal presentere løysingsforslaget dykkar for kunden.
Presentasjonen skal innehalde:

  • moodboard
  • presentasjonsskisse
  • foto av ferdig utstilling
  • vurdering av:

    • korleis utstillinga er retta mot vald målgruppe.
    • korleis de har brukt komposisjonsprinsipp.
    • korleis de har fått fram perioden gjennom bruk av fargar, former, linjer og val av materiale og element i utstillinga.
    • korleis varene frå butikken blir vist fram.
    • korleis de har jobba med lys og skuggeverknader.

Relatert innhald

Designarar og handverkarar bør kjenne til utviklinga av faget sitt. Stilhistorie kan også inspirere til nyskaping.

CC BY-SASkrive av Torhild Dahl Enoksen.
Sist fagleg oppdatert 19.04.2021

Læringsressursar

Salsmiljø