Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Veggdekor i ein grønsaksbutikk

Korleis kan ein vegg fange blikket til kundane i ein grønsaksbutikk? Kan dekor med temaet frukt og grønt gi ein kunde lyst til å handle meir? Bruk kreativiteten din og kom med forslag til korleis du kan dekorere langveggen bak disken.
To ulike forslag til veggdekor bak ein disk. Fotokollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Veggdekor som blikkfang

Eigarane av ein liten grønsaksbutikk ønskjer seg ein stor og fargerik veggdekor. Denne skal fange merksemd frå kundane når dei kjem inn i butikken. Du får i oppdrag å lage eit forslag til veggdekor som skal vere på den eine langveggen bak disken og kasseområdet.

Frukt og grønt som tema

To lerret med komposisjon av frukt og grønnsaker. Maleri.

Eigarane vil at temaet for veggdekoren skal vere frukt og grønt. Dei ønskjer ikkje foto. Du bør forenkle motivet, men du vel sjølv om du vil stilisere eller abstrahere det.

Her kan du leike deg med spennande fargar og former. Du treng ikkje dekorere heile veggen, men kan tenkje deg ei frise, eit bord eller eit felt. Du kan òg jobbe med belysning som ein del av løysinga.

Materiale

Materiala du kan bruke er tremateriale, plexiglas eller metall. Grunnen til at det er avgrensingar i materialval, er at overflata må vere lett å reingjere. Du kan måle eller spraye materiala, viss du ønskjer det.

Veggen som skal dekorerast har måla:

  • høgde 300 cm
  • breidde 700 cm

Disken har måla:

  • høgde 95 cm
  • breidde 300 cm

Sjå vedlagd teikning i målestokk 1 : 10.

Filer

Del 1: Idéutvikling

  1. Lag eit moodboard i A3-format med temaet frukt og grønt.
  2. Lag idéskisser til veggdekor og korleis du vil plassere han på veggen.
Fire komposisjonar med ulik veggdekor. Fotokollasj.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Presentasjonsteikning

  1. Vel eit av forslaga frå idéskissene dine og omarbeid ho. Du må tenkje på korleis du skal utføre veggdekoren og kva materiale du vil bruke.
  2. Lag ei presentasjonsteikning til veggdekoren. Du skal lage teikninga i eit digitalt teikneprogram, eller du kan teikne for hand og fargeleggje i nøyaktig målestokk.

Del 3: Presentasjon

Lag ein digital presentasjon som inneheld:

  • moodboard
  • idéskisser
  • presentasjonsteikning
  • skildring av materiale og utføring
  • vurdering av eigen arbeidsprosess og korleis veggdekoren fungerer som blikkfang i grønsaksbutikken

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Torhild Dahl Enoksen og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 11.06.2020

Læringsressursar

Salsmiljø