Det ytre salsmiljøet
Desse elementa er med i det ytre salsmiljøet:
- stad
- fasade
- inngangsparti
- utstillingsvindauge
Det ytre salsmiljøet har som oppgåve å få kundane til å kome inn i butikken, medan det indre salsmiljøet har som oppgåve å få dei kundane vi har fått på besøk, til å kjøpe varene våre.
Dersom kunden ikkje finn bedrifta, blir det ikkje noko sal. Kvar bedrifta ligg, er altså svært viktig for at vi skal vere tilgjengelege for kunden. Vi må sørgje for god skilting, slik at kundane ser kvar vi held til og enkelt kan finne oss. Det må vere parkeringsplassar i ein viss nærleik, og det må vere tilfredsstillande brøyting og strøing.
Staden, altså omgivnadene og det området butikken ligg i, er også med på å gi eit inntrykk av profilen til butikken. Er strøket rundt nedslite, asfalten i gata og på parkeringsplassen full av hol og nabohusa fullstendig nedtagga, smittar dette over på korleis vi blir oppfatta, og det kan vere vanskeleg å gi eit inntrykk av høg kvalitet og luksus.
Fasaden er ansiktet til bedrifta, og han må harmonere med profilen vår. Fasaden skal gi kundane lyst til å kome inn i butikken. Ein nedsliten fasade gir eit dårleg førsteinntrykk!
Inngangspartiet skal ønskje kundane velkomne slik at dei får lyst til å kome inn. Det må derfor vere innbydande og ryddig. God belysning og fine, godt synlege skilt er med på å auke denne lystkjensla. Det må vere enkelt for kundane å ta seg inn i butikken anten dei sit i rullestol, har med barnevogn eller er i toppform.
Det er viktig at farge og materialval harmonerer på fasaden, inngangspartiet og utstillinga elles. Opningstidene til butikken bør vere godt synlege i inngangspartiet.
Utstillingsvindauga skal vise noko av det vi tilbyr. Føremålet er å fange merksemda til potensielle kundar og påverke dei til å kome inn i butikken. Utstillingsvindauga er viktige for å profilere butikken eller kontoret. Her er det viktig at fargeval og lyssetjing blir bra, og det er derfor vanleg at profesjonelle dekoratørar lagar vindaugsutstillingane. Gamle utstillingar som er falma, fulle av støv og heilt gått ut på dato, gir dårleg inntrykk. Vindaugsutstillingar bør sjølvsagt samordnast med det som elles blir gjort av profileringsarbeid og salsaktivitetar.
Relatert innhald
Oppgåva til det ytre salsmiljøet er å trekkje kundane inn i butikken. Kvar ligg butikken? Er han lett å finne? Korleis er fasaden og inngangspartiet?