Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Ytre salsmiljø for skobutikk

Oppgåva til det ytre salsmiljøet er å trekkje kundane inn i butikken. Korleis skal du gjere det?
Ein svart støvlett og eit svart skilt der det står ordet "sko", heng over døra til ein skobutikk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåver

Du har fått jobb som butikkmedarbeidar i ein skobutikk. Butikken skal flytte inn i nye lokale. Lokala ligg i ei handlegate og har store vindauge på veggen ut mot fortauet. Inngangsdøra er midt på denne veggen.

Oppgåve 1

Lag ei skisse som viser det ytre salsmiljøet.

Dagleg leiar for butikken veit at du er kreativ og har bede deg lage ei skisse til eit nytt ytre salsmiljø. Ta utgangspunkt i det du kan om ytre salsmiljø og teikn i veg!

Du må tenkje på korleis du skal skilje deg ut. Vurder derfor

  • skilting

  • fargeval

  • utstilling

  • anna som er viktig for å få kundane inn i butikken

Oppgåve 2

Gå saman i grupper og presenter skissene for kvarandre. Grunngi vala de har gjort.

Relatert innhald

Oppgåva til det ytre salsmiljøet er å trekkje kundane inn i butikken. Kvar ligg bedrifta? Er ho lett å finne? Korleis er fasaden og inngangspartiet?

CC BY-SASkrive av Mette Holan.
Sist fagleg oppdatert 20.03.2018

Læringsressursar

Salsmiljø