Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast: Øyafestivalen

I denne oppgåva skal du først lytte til to podkastepisodar med marknads- og programsjefen i Øyafestivalen. Etterpå arbeider du med bransjeanalyse og situasjonsanalyse.

Birgitte Mandelid, marknads- og programsjef i Øyafestivalen
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1

Sjekk at du kan følgande fagomgrep innan bransje- og situasjonsanalyse. Dra rett betydning til rett omgrep:

Oppgåve 2

Del 1

Lytt til podkasten om bransjeanalyse for Øyafestivalen.

Marknadsføring og leiing

Bransjeanalyse – Øyafestivalen

Programleiar Knut Skeie Solberg i samtale med marknads- og programsjef i Øyafestivalen om bransjeanalyse.

0:00
-0:00

Del 2

Gjennomfør ein bransjeanalyse for festivalbransjen. Ta utgangspunkt i Øyafestivalen der du bruker

  • Porters fem konkurransekrefter

  • dei fire nye konkurransekreftene

  • informasjon frå podkasten

  • det du sjølv veit om bransjen

  • det du finn ved søk på internett

  • eventuelle eigne føresetnader

Del 3

Lytt til podkasten om situasjonsanalyse for Øyafestivalen.

Marknadsføring og leiing

Situasjonsanalyse – Øyafestivalen

Programleiar Knut Skeie Solberg i samtale med marknads- og programsjef i Øyafestivalen om situasjonsanalyse.

0:00
-0:00

Del 4

Gjennomfør ein situasjonsanalyse av Øyafestivalen med utgangspunkt i

  • informasjon frå podkasten

  • det du sjølv veit om Øyafestivalen

  • det du finn ved søk på internett

  • eventuelle eigne føresetnader

Del 5

Med utgangspunkt i bransje- og situasjonsanalysane du har gjennomført i del 2 og 4, skal du no beskrive eigne forslag til marknadsstrategiske avgjerder for Øyafestivalen. Kva for strategiske grep meiner du at Øyafestivalen bør ta når det gjeld val av målgruppe og bruk av konkurransemidla? Formuler forslaga dine i eit samanfattande notat der du gir konkrete og grunngitte tilrådingar.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 30.05.2024

Læringsressursar

Bransjeanalyse og situasjonsanalyse