Hopp til innhald

Fagstoff

Situasjonsanalyse

Kva er versemda sine styrker, svakheiter, moglegheiter og truslar? For å kunne utvikle verksemda i ei ønskt retning er det viktig å kartlegge nosituasjonen.
Modellen illustrerer at ein situasjonsanalyse er ein analyse av interne styrkar og svakheiter og eksterne mogelegheiter og truslar. Dei interne arbeidsvilkåra er: Produkt, Pris, Distribusjon, Marknadskommunikasjon, Personale og leiing og Økonomi. Dei eksterne arbeidsvilkåra er: Kundar og marknaden, Konkurrentar, Leverandørar og distributørar, Offentlegheita og Samfunnet.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øyafestivalen som døme

Øyafestivalen er ein årleg musikkfestival som blir arrangert i august i Tøyenparken i Oslo. Øyafestivalen har blitt ein av Noregs største musikkfestivalar.

Lytt til podkastepisoden nedanfor der Birgitte Mandelid, marknads- og programsjef i Øyafestivalen, gir nokre døme på kva som inngår i situasjonsanalysen deira.

Marknadsføring og leiing

Situasjonsanalyse – Øyafestivalen

Programleiar Knut Skeie Solberg i samtale med marknads- og programsjef i Øyafestivalen om situasjonsanalyse.

0:00
-0:00

Analyse av arbeidsvilkår

Arbeidsvilkår er dei vilkåra ei verksemd arbeider under, og som kan påverke verksemda. I ein situasjonsanalyse vurderer og analyserer vi interne og eksterne arbeidsvilkår. Dei interne arbeidsvilkåra er innanfor kontrollen for verksemda, mens dei eksterne er utanfor kontrollen deira. Døme på interne arbeidsvilkår kan vere organisasjonskultur, leiing, kompetansen, produktutviklinga og dei tilsette sin bruk av teknologi. Eksterne arbeidsvilkår kan til dømes vere økonomiske trendar, politikk, konkurransesituasjon og teknologisk utvikling.

Ut ifrå det vi høyrer i podkasten, kan Øyafestivalen eksempelvis forbetre dei interne arbeidsvilkåra sine ved å investere i kompetanseutvikling for tilsette eller ved å modernisere og vidareutvikle Øyafestivalen sitt konsept.

Døme på eksterne arbeidsvilkår for Øyafestivalen er endringar i skattelovgiving eller økonomisk nedgang, som kan påverke lønnsemda deira og jobbtryggleiken til tilsette. Vidare kan innskrenkingar i leigeavtalar, eller vilkår Øyafestivalen har med styresmaktene, vere døme på forhold dei ikkje har direkte kontroll over.

Ein situasjonsanalyse er ein analyse av arbeidsvilkåra i nosituasjonen til ei verksemd. For å kunne planlegge og ta gode marknadsstrategiske avgjerder er det nyttig å gjennomføre ein slik analyse.

Sterke og svake sider

Dei sterke og svake sidene til verksemda kartlegg vi ved å vurdere dei interne arbeidsvilkåra. Vi undersøker kva for interne arbeidsvilkår som utgjer ein styrke for verksemda, og kva for nokre av dei som kan vere svakheiter.

Funn frå internanalysar som VRIO og verdikjede-analyse kan brukast inn i situasjonsanalysen. I VRIO-analysen vurderte vi ressursane og evnene for verksemda ut frå fire kriterium: verdifull, sjeldan, kopierbar og organisert. I verdikjedeanalysen identifiserte vi dei aktivitetane som bidreg til å skape kundeverdi. Les meir om intern analyse i artikkelen "Intern analyse".

I podkasten høyrer vi at Øyafestivalen sine styrkar kan vere:

  • sterk merkevare i det norske festivallandskapet

  • oppteken av berekraftige løysingar

  • mangfaldig program av artistar

  • god kjennskap

  • lojalt publikum

  • tilsette med lang erfaring

Nokre av Øyafestivalen sine svakheiter kan vere:

  • vakse publikum samanlikna med fleire andre aktørar i det norske festivallandskapet

  • liten organisasjon med 11 heiltidstilsette (i 2024)

  • kan vere problematisk med kunnskapsoverføring til nytilsette

Moglegheiter og truslar

Mogelegheitene og truslane for verksemda kartlegg vi ved å vurdere dei eksterne arbeidsvilkåra. Vi undersøker kva for eksterne arbeidsvilkår som utgjer ei mogelegheit for verksemda, og kva for nokre av dei som kan vere truslar.

Funn frå eksterne analysar, som bransjeanalyse og PESTEL, kan brukast inn i situasjonsanalysen. I arbeidet med bransjeanalyse har vi brukt Porters fem konkurransekrefter, og dessutan fire nye konkurransekrefter, for å analysere konkurransesituasjonen. PESTEL brukte vi for å analysere ulike makroforhold som omgir og kan påverke ei verksemd. Les meir om eksterne analysar i artikkelen "Bransjeanalyse – ekstern analyse" og artikkelen "PESTEL – ekstern analyse"

For Øyafestivalen kan nokre moglegheiter vere:

  • godt og varmt ver med mykje sol

  • å utnytte trendar hos den tilveksande generasjonen

  • at store, kjende og internasjonale artistar kan ønske å delta på festivalen

Nokre truslar kan vere:

  • dårleg, vått og kaldt ver med mykje vind

  • ting som eventuelt skjer i samfunnet rundt oss

  • innskrenkingar i leigeavtalar

  • vilkår med styresmaktene

  • nye eller eksisterande konkurrentar som kan tilby noko nytt og unikt

  • at artistar kan trekke seg / bli forhindra frå å delta

SWOT-analyse

Ein firkant med fire kvadrantar som visualiserer elementa i ein SWOT-analyse. Oppe til venstre står det: Styrkar. Oppe til høgre står det Svakheiter. Desse to kvadrantane har overskrifta Interne arbeidsvilkår. Nede til venstre står det Moglegheiter. Nede til høgre står det Truslar. Desse to kvadrantane har overskrifta Eksterne arbeidsvilkår. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Situasjonsanalysen set vi ofte opp i ein SWOT-analyse, som er ein metode for å vurdere ei verksemd sine styrkar, svakheiter, moglegheiter og truslar. Det er eit nyttig verktøy for å gjere prioriteringar, utvikle tiltak og tilrådingar for å utnytte styrkar og moglegheiter, og dessutan redusere svakheiter og truslar. Sidan arbeidsvilkåra til ei verksemd stadig er i endring, er det viktig å gjennomføre jamlege oppdateringar av SWOT-analysen.

I tillegg til at SWOT-analysen er statisk, kan det òg vere ei utfordring at han ofte blir subjektiv og overforenkla. Det er ikkje gitt at det som verksemda sjølv reknar som ein styrke, blir oppfatta slik av andre.

Døme på ein SWOT-analyse for KID

Kid-logo. Svart sirkel og ordet Kid med kvit skrift inni sirkelen. Illustrasjon.

SWOT-analysen nedanfor er gitt att med løyve frå ei bacheloroppgåve med tittelen Verdsettelse av KID ASA, skriven av Rolf Martin Dahl i 2021.

Reflekter over momenta i SWOT-analysen nedanfor. Kva moment ville du ha teke med i ein SWOT-analyse for KID?


Ein firkant med fire kvadrantar som visualiserer elementa i ein SWOT-analyse. Kvar kvadrant inneheld resultatete av analysen, totalt 15 punkt. Under Styrkar er det fem punkt: 1) Langt framme på teknologi 2) Stort fokus på berekraft 3) Kontrollerer heile verdikjeda 4) Stordriftsfordelar 5) God tilgang på kapital. Under Svakheiter er det to punkt: 1) Lite differensierte produkt 2) Høge avskrivingar på grunn av store investeringar. Under Mogelegheiter er det fire punkt: 1) Folk vil investere meir i heimen 2) Større fokus på berekraftige løysingar 3) Teknologisk utvikling 4) Stor makt over leverandørar. Under Truslar er det fire punkt: 1) Truslar frå substitutt 2) Relativt låge etableringskostnader 3) Mange som vil utfordre i bransjen 4) Kundane har forhandlingsmakt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kjelder

Dahl, R.M. (02.06.2021). Økonomi og administrasjon: Verdsettelse av Kid ASA. Henta frå https://biopen.bi.no/bi-xmlui/bitstream/handle/11250/2781475/2914522.pdf

Kotler, P. (2008). Markedsføringsledelse. Oslo: Gyldendal Norsk Forlag AS.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2024

Læringsressursar

Bransjeanalyse og situasjonsanalyse