Hopp til innhald
Oppgåve

Situasjonsanalyse for Mettes elsparkesykler

I denne oppgåva skal de jobbe med situasjonsanalyse for den fiktive verksemda Mettes elsparkesykler. Samarbeid gjerne med medelevar i grupper på to til fire.
I filmen har Mette teke over som dagleg leiar for eit utsal av elektriske sparkesyklar og har bestemt seg for å ha elefantar som målgruppe. Gjennom bransjeanalyse har ho kartlagd kva for konkurransekrefter ho må forhalde seg til. Video: Klipp og lim / CC BY-SA 4.0

Oppgåve 1

Gjennomfør ein situasjonsanalyse for Mettes elsparkesykler, der du med utgangspunkt i filmen ovanfor analyserer styrkar, svakheiter, moglegheiter og truslar.

Oppgåve 2

Ut frå situasjonsanalysen i oppgåve 1 skal de gi konkrete og grunngitte anbefalingar for marknadsstrategien til Mettes elsparkesykler.