Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Intern analyse - VY

Er VY, tidlegare NSB, si lange erfaring med spordrift berre eit konkurransefortrinn, eller kan det hemme selskapet frå å tenke nytt?
Eit grønt VY-tog som skal til Eidsvoll, står på perrongen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

I denne oppgåva skal du analysere og identifisere VY sine konkurransefortrinn. I arbeidet må du gjere greie for korleis VY utnyttar interne ressursar. Vidare skal du beskrive kva hovudaktivitetar og støtteaktivitetar som kan bidra til å gi VY konkurransefortrinn. Bruk VRIO-analyse og verdikjedeanalyse som verktøy.

I arbeidet med analysane skal du ta utgangspunkt i

  • informasjon du veit om VY frå før

  • tips og informasjon som du finn nedanfor

  • relevant informasjon du finn ved søk

Ta eigne føresetnader der det er nødvendig.

Nokre tips for å løyse oppgåva

Start arbeidet med oppgåva individuelt og skriftleg. Gå deretter saman to og to for å diskutere og vurdere analysane de har jobba med og det de har komme fram til basert på analysane.

Det kan vere utfordrande å finne all nødvendig informasjon som trengst for å kunne gjennomføre interne analysar i sin heilskap. Sjå på dette som ei øving i å vurdere korleis VY skaper verdi (for så å kunne kartlegge styrkar og svakheiter). I øvinga er det ikkje nødvendigvis snakk om komplette og svært omfattande analysar basert på uttømmelige lister.

Tips til kvar du kan kan finne informasjon

Interne arbeidsvilkår

For å få finne styrkar og svakheiter må du analysere dei interne arbeidsvilkåra. Interne arbeidsvilkår er forhold internt i verksemda som VY sjølv kan kontrollere, som til dømes

  • produkt

  • pris

  • distribusjon

  • marknadskommunikasjon

  • personale og leiing

  • økonomi

VRIO-analyse

Du skal identifisere kva ressursar VY har eller kan utvikle som du meiner er relevante når du skal gjennomføre ein VRIO-analyse. Døme på slike ressursar kan vere Vys

  • merkevare

  • digitale plattform

  • flåte av tog og bussar

  • nettverk av ruter og destinasjonar

  • samarbeid med andre transportaktørar

  • verksemdskultur

Følgande fire spørsmål er aktuelle knytte til VRIO-analyse når du skal evaluere ressursar og identifisere konkurransefortrinn:

  • Er ressursen/ressursane verdifull(e)?

  • Er ressursen/ressursane sjeldan/sjeldne?

  • Er ressursen/ressursane vanskeleg(e) å kopiere?

  • Er verksemda godt organisert med evne og vilje til å utnytte ressursen på ein effektiv måte?

vrio-analyse

Verdifull?

Sjeldan?

Vanskeleg/kostbart å kopiere?

Godt organisert?

Påverknad på konkurransekraft

NeiKonkurranseulempe
JaNeiNøytral/Likeverdig konkurranse
JaJaNeiMellombels konkurransefordel
JaJaJaNeiUutnytta konkurransefordel
JaJaJaJaVarig konkurransefordel

Verdikjedeanalyse

Ein illustrasjon som viser korleis margin/overskot er eit produkt av hovudaktivitetar og støtteaktiviteter. Støtteaktivitetar er delte inn i fire: 1) Infrastruktur, det vil seie leiing, organisering og styring 2) Personalforvalting, det vil seie tilgang på eller bruk av menneskelege ressursar 3) Teknologiutvikling 4) Innkjøp og forsyningstenester. Hovudaktivitetar er delte inn i fem: 1) Inngåande logistikk 2) Produksjon 3) Utgåande logistikk 4) Marknadsføring 5) Service. Det går ei pil frå støtteaktivitetane og hovudaktiviteten og til høgre mot omgrepa margin/overskot.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I ein verdikjedeanalyse skal du analysere aktivitetar ut frå kostnader, og korleis dei skaper verdi for verksemda og kundane deira. Korleis kan dei forbetrast eller blir utvikla for å auke verdien? Følgande spørsmål kan vere aktuelle:

  • Korleis skaper aktiviteten verdi for kundane?

  • Korleis medfører aktiviteten kostnader for verksemda?

  • Kor godt utfører verksemda aktiviteten samanlikna med konkurrentane?

  • Kva mogelegheiter finst det for å auke verdien eller redusere kostnadene ved aktiviteten?

  • Kva truslar eller utfordringar kan påverke verdien eller kostnadene ved aktiviteten?

Relatert innhald

Interne analysar kan nyttast for å kartlegge og vurdere kva for interne ressursar og aktivitetar som skaper verdi og gir konkurransefortrinn.

CC BY-SASkrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist fagleg oppdatert 29.05.2024

Læringsressursar

Bransjeanalyse og situasjonsanalyse