I denne oppgåva skal du sjå filmen Fast Food Nation, som handlar om den fiktive hurtigmatkjeda Mickey's. Med utgangspunkt i filmen skal du gjennomføre ein bransjeanalyse for hurtigmatindustrien. Deretter skal du vurdere marknadsstrategiske avgjerder for Mickey's ved hjelp av ein situasjonsanalyse.
Filmen Fast Food Nation
Fast Food Nation er ein amerikansk dramakomedie om hurtigmat, kritikkverdige arbeidsforhold og etiske problemstillingar knytte til dyrevelferd og miljø. Filmen er regissert av Richard Linklater.
Meir om filmen
År: 2006
Varigheit: 1 time og 56 minutt
Regi: Richard
Manus: Richard Linklater, Eric Schlosser
Skodespelarar: Greg Kinnear, Bruce Willis, Patricia Arquette, Wilmer Valderrama
Opphavsland: USA
Don Anderson er marknadssjef ved den amerikanske hurtigmatkjeda Mickey's. Ein dag blir Don kalla inn til eit møte med direktøren i selskapet. Han er bekymra. To engasjerte studentar har analysert innhaldet i burgarane og funne store mengder bakteriar. Det viser seg at kjøttet i burgarane er blanda med kumøkk.
Don blir send av garde til Colorado for å sjå kvar kjøttet som burgarane er laga av, kjem frå. Han oppsøker kjøttfabrikken Uni-Global Meal Packing. Fabrikken har det nyaste innan teknologi, arbeidarane bruker hanskar og kvite frakkar, og det er rustfritt stål overalt. Don finn inga god forklaring på korleis kumøkka har blitt blanda med kjøttet.
Etter å ha snakka med ein kvegbonde som pleidde å levere kveg til fabrikken, bestemmer Don seg for å undersøke produksjonen nærare. Under overflata skjuler det seg eit fryktregime med illegale meksikanske arbeidarar som jobbar under elendige arbeidsforhold i slaktehallen.
Til læraren
Vis gjerne filmen i fellesskap i klasserommet.
Vi anbefaler at du pausar filmen undervegs som tenkestopp for elevane. Nedanfor er forslag til når filmen bør setjast på pause, med tilhøyrande refleksjonsspørsmål til klassen.
00:04:38 Kva er førsteinntrykket av hurtigmatkjeda Mickey's?
00:06:29 Korleis ser de for dykk at handlinga i filmen vil gå føre seg etter oppdaginga av at kjøttet i burgarane er blanda med kumøkk? Har de tru på at dette vil bli teke hand om på ein god måte? Kvifor / kvifor ikkje?
00:06:29 Korleis trur de handlinga vil gå føre seg vidare etter oppdaginga av at kjøtt i burgaren er blanda med kumøkk? Vil Mickey's handtere situasjonen på ein god måte?
00:43:49 Kva tenker de om det vi har sett så langt? Kva trur de kvegbonden, som marknadssjefen Don Anderson besøker, meiner med uttrykket "pengar i gapet"?
00:54:04 Kva tenker de om samtalen marknadssjefen Don Anderson nettopp har hatt med Harry Rydell, som jobbar tett med kjøttleverandørane?
1:23:44 Korleis vil de beskrive arbeidsforholda på kjøttfabrikken Uni-Global Meal Packing?
I denne oppgåva skal elevane jobbe med å vurdere marknadsstrategiske avgjerder i lys av bransje-og situasjonsanalyse. Men filmen er òg eigna som grunnlag for faglege diskusjonar innan andre kompetansemål, som
å drøfte verksemder sitt samfunnsansvar ut frå eit etisk, lovmessig og forretningsmessig perspektiv og vurdere dette opp mot omdømmet for verksemda
å vurdere berekraftige val for verksemder med tanke på sosiale, økonomiske og miljømessige forhold
å utvikle og grunngi heilskaplege marknadsstrategiar og drøfte etisk bruk av konkurransemidlar
Oppgåve 1
Del A
Gjennomfør ein bransjeanalyse for hurtigmatindustrien der du bruker
Porters fem konkurransekrefter
dei fire nye konkurransekreftene
informasjon frå filmen
det du sjølv veit om bransjen
det du finn når du søker på internett
eventuelt eigne føresetnader
Porters fem konkurransekrefter
Konkurranse i bransjen
Trussel frå substitutt
Trussel frå nyetableringar
Makt hos kundar
Makt hos leverandørar
Fire nye konkurransekrefter
digitalisering
innovasjon
globalisering
påverknaden til myndigheitene
Del B
Ta utgangspunkt i bransjeanalysen og vurder konkurranseintensiteten samla sett. Den heilskaplege oppsummeringa av konkurranseintensiteten i hurtigmatindustrien skal bygge på ei vurdering av graden av konkurranse i bransjen basert på dei fem konkurransekreftene til Porter.
Oppgåve 2
Del A
Gjennomfør ein situasjonsanalyse av Mickey's med utgangspunkt i det du har sett i filmen. Bruk eigne føresetnader der det er nødvendig.
Del B
Skriv eit samanfattande notat der du gjer greie for kva du meiner er formålstenlege marknadsstrategiske avgjerder for drifta til Mickey's framover. Med utgangspunkt i situasjonsanalysen skal du gi konkrete og grunngitte tilrådingar.