Situasjonsanalyse - Marknadsføring og leiing 2 - NDLAHopp til innhald
Fagartikkel
Situasjonsanalyse
Kva er versemda sine styrker, svakheiter, moglegheiter og truslar? For å kunne utvikle verksemda i ei ønskt retning er det viktig å kartlegge nosituasjonen.
Øyafestivalen som døme
Øyafestivalen er ein årleg musikkfestival som blir arrangert i august i Tøyenparken i Oslo. Øyafestivalen har blitt ein av Noregs største musikkfestivalar.
Lytt til podkastepisoden nedanfor der Birgitte Mandelid, marknads- og programsjef i Øyafestivalen, gir nokre døme på kva som inngår i situasjonsanalysen deira.
Analyse av arbeidsvilkår
Arbeidsvilkår er dei vilkåra ei verksemd arbeider under, og som kan påverke verksemda. I ein situasjonsanalyse vurderer og analyserer vi interne og eksterne arbeidsvilkår. Dei interne arbeidsvilkåra er innanfor kontrollen for verksemda, mens dei eksterne er utanfor kontrollen deira. Døme på interne arbeidsvilkår kan vere organisasjonskultur, leiing, kompetansen, produktutviklinga og dei tilsette sin bruk av teknologi. Eksterne arbeidsvilkår kan til dømes vere økonomiske trendar, politikk, konkurransesituasjon og teknologisk utvikling.
Ut ifrå det vi høyrer i podkasten, kan Øyafestivalen eksempelvis forbetre dei interne arbeidsvilkåra sine ved å investere i kompetanseutvikling for tilsette eller ved å modernisere og vidareutvikle Øyafestivalen sitt konsept.
Døme på eksterne arbeidsvilkår for Øyafestivalen er endringar i skattelovgiving eller økonomisk nedgang, som kan påverke lønnsemda deira og jobbtryggleiken til tilsette. Vidare kan innskrenkingar i leigeavtalar, eller vilkår Øyafestivalen har med styresmaktene, vere døme på forhold dei ikkje har direkte kontroll over.
Ein situasjonsanalyse er ein analyse av arbeidsvilkåra i nosituasjonen til ei verksemd. For å kunne planlegge og ta gode marknadsstrategiske avgjerder er det nyttig å gjennomføre ein slik analyse.
Sterke og svake sider
Dei sterke og svake sidene til verksemda kartlegg vi ved å vurdere dei interne arbeidsvilkåra. Vi undersøker kva for interne arbeidsvilkår som utgjer ein styrke for verksemda, og kva for nokre av dei som kan vere svakheiter.
Funn frå internanalysar som VRIO og verdikjede-analyse kan brukast inn i situasjonsanalysen. I VRIO-analysen vurderte vi ressursane og evnene for verksemda ut frå fire kriterium: verdifull, sjeldan, kopierbar og organisert. I verdikjedeanalysen identifiserte vi dei aktivitetane som bidreg til å skape kundeverdi. Les meir om intern analyse i artikkelen "Intern analyse".
I podkasten høyrer vi at Øyafestivalen sine styrkar kan vere:
sterk merkevare i det norske festivallandskapet
oppteken av berekraftige løysingar
mangfaldig program av artistar
god kjennskap
lojalt publikum
tilsette med lang erfaring
Nokre av Øyafestivalen sine svakheiter kan vere:
vakse publikum samanlikna med fleire andre aktørar i det norske festivallandskapet
liten organisasjon med 11 heiltidstilsette (i 2024)
kan vere problematisk med kunnskapsoverføring til nytilsette
Moglegheiter og truslar
Mogelegheitene og truslane for verksemda kartlegg vi ved å vurdere dei eksterne arbeidsvilkåra. Vi undersøker kva for eksterne arbeidsvilkår som utgjer ei mogelegheit for verksemda, og kva for nokre av dei som kan vere truslar.
Funn frå eksterne analysar, som bransjeanalyse og PESTEL, kan brukast inn i situasjonsanalysen. I arbeidet med bransjeanalyse har vi brukt Porters fem konkurransekrefter, og dessutan fire nye konkurransekrefter, for å analysere konkurransesituasjonen. PESTEL brukte vi for å analysere ulike makroforhold som omgir og kan påverke ei verksemd. Les meir om eksterne analysar i artikkelen "Bransjeanalyse – ekstern analyse" og artikkelen "PESTEL – ekstern analyse"
For Øyafestivalen kan nokre moglegheiter vere:
godt og varmt ver med mykje sol
å utnytte trendar hos den tilveksande generasjonen
at store, kjende og internasjonale artistar kan ønske å delta på festivalen
Nokre truslar kan vere:
dårleg, vått og kaldt ver med mykje vind
ting som eventuelt skjer i samfunnet rundt oss
innskrenkingar i leigeavtalar
vilkår med styresmaktene
nye eller eksisterande konkurrentar som kan tilby noko nytt og unikt
at artistar kan trekke seg / bli forhindra frå å delta
SWOT-analyse
Situasjonsanalysen set vi ofte opp i ein SWOT-analyse, som er ein metode for å vurdere ei verksemd sine styrkar, svakheiter, moglegheiter og truslar. Det er eit nyttig verktøy for å gjere prioriteringar, utvikle tiltak og tilrådingar for å utnytte styrkar og moglegheiter, og dessutan redusere svakheiter og truslar. Sidan arbeidsvilkåra til ei verksemd stadig er i endring, er det viktig å gjennomføre jamlege oppdateringar av SWOT-analysen.
I tillegg til at SWOT-analysen er statisk, kan det òg vere ei utfordring at han ofte blir subjektiv og overforenkla. Det er ikkje gitt at det som verksemda sjølv reknar som ein styrke, blir oppfatta slik av andre.
Døme på ein SWOT-analyse for KID
SWOT-analysen nedanfor er gitt att med løyve frå ei bacheloroppgåve med tittelen Verdsettelse av KID ASA, skriven av Rolf Martin Dahl i 2021.
Reflekter over momenta i SWOT-analysen nedanfor. Kva moment ville du ha teke med i ein SWOT-analyse for KID?